Mindre grupper og nedsett høyrsel
Mindre grupper og nedsett høyrsel hos elevar dreier seg om å gi desse elevane god tilgang til det som skjer på skolen.
Mindre grupper og nedsett høyrsel hos elevar dreier seg òg om å gje desse elevane god tilgang til
- språkutvikling
- fagleg utvikling
- ikkje å bli for slitne
På generell basis vil mindre grupper generere mindre støy enn ei større elevgruppe. I praksis veit vi at dette ikkje alltid er tilfelle, då elevsamansetninga òg kan verke inn på auditiv og visuell støy.
Vi veit òg at å dele opp ein klasse i mindre grupper, gjer at elevar med nedsett høysel kan henge med i samtalar. Anten elevane skal jobbe med skolefag eller spele spel, til dømes.
Eit tiltak som kan vere nyttig, og som kan gjere ein skilnad når det gjeld mindre grupper og nedsett høyrsel hos elevar, er å utnytte areala på skolen på ein god måte. Derfor:
- Del elevane i mindre grupper.
- Ikkje sett alle elevgruppene i same rom, då blir det raskt kaos.
- Bruk heller tilgjengelege grupperom i skolekvardagen.
Dette er spesielt nyttig i samband med gruppearbeid. Likevel er det ikkje nødvendig at det alltid er ei mindre gruppe med eleven som har nedsett høyrsel, som blir flytta, eller som blir sitjande att.

Slik kan skolen forberede seg
Her får du en oversikt over hvordan skolen kan løse noen av de vanligste utfordringene når dere skal ta imot en elev med nedsatt hørsel.


