Sosialt samspel
I sosialt samspel er det mest naturleg for Mia Aimée Røine å kommunisere direkte med andre døve barn enn via ein teiknspråktolk med barn som høyrer.
I filmen møter du Mia Aimée og mora hennar, Ina Desirée Røine.
Mora fortel at dottera kan delta i og gjennomføre aktivitetar, men at det sosiale er ei utfordring. Det er litt vanskeleg å skape band med dei andre barna.
Mange døve barn er nysgjerrige på å kommunisere via tolk. Men dei er meir nysgjerrige på korleis det fungerer å bruke tolk, enn på kven tolken er. Barna som høyrer, søker mest kontakt med tolken.
Mora spør dottera si om ho liker best å vere med høyrande barn og ha med tolk, eller å vere med døve barn der alle snakkar teiknspråk?
Dottera mener at det er mykje lettare å snakke og uttrykke seg heilt naturleg, enn å si ifrå om noko via ein tolk. Ho kan prate med døve som ho vil.



