Velg variant:

Strategiar

Er du tolk for eit barn som bruker teiknspråk, må du ha strategiar for å sikre at barnet oppfattar og forstår kva som skjer.

Blikkontakt, prosesstida til tolken og turtaking gjer at samtale med tolk får ein litt annan dynamikk.

Barn har gjerne ikkje så mykje erfaring med å samtale via tolk. Av og til må tolken gjere nokre grep for å hjelpe til slik at det skal fungere. Vaksne som snakkar med barn via tolk, må vere merksam på at det kan vere vanskeleg for barna å sjå på både tolken og alt det andre som skjer i ein samtale. For å få det til, må både tolken og den/dei andre vaksne ta hovudansvaret og føre barna.

I videoen kan du sjå at tolken gjer eit grep for å kompensere for at barnet ikkje kan ha blikket festa fleire stader samtidig.

Samlingsstund i barnehage.

Tolking og barn

Denne ressursen retter seg mot foreldre, familie, fagpersoner og fritidsledere som møter barn med tolk.