Velg variant:

Tolking og barn: Turtaking og tolking

Turtaking og tolking gjer at teiknspråklege barn som får ytringar via tolk, ikkje får same høve til å bidra umiddelbart i samtalen som andre.

Turtaking og tolking er ein viktig del av maskineriet til samtalen. Dei sekunda tolken treng for å høyre det som blir sagt, forstå, omsetje og produsere ytringane på det andre språket, skaper litt rusk i dette maskineriet.

Filmen syner eit besøk på Vitensenteret i Trondheim. Ein «forskar» (Forskar-Frederic) viser barna ulike kjemi- og fysikk-triks.

Ein gut vender seg til Forskar-Frederic på talespråk. Han får omgåande respons. Litt etterpå kjem tolken med ei tolka ytring frå ei jente som uttrykkjer seg på teiknspråk. Den tolka ytringa blir sagd i det forskaren er på veg over til eit anna tema. Ytringa blir ikkje følgt opp.

Sjå for deg at fleirtalet i eit møte pratar teiknspråk, og tolken tolkar til norsk.

Det same gjeld andre veg. Når fleirtalet pratar norsk, er det dei teiknspråklege som opplever forseinkinga. Det at nokon får eit fortrinn, handlar sjeldan om uvilje hos dei som snakkar saman, eller feil frå tolken si side. Det handlar om at manglande blikkontakten og forseinkinga via tolk blir rusk i maskineriet. Rusk som forstyrrar den naturlege flyten i turvekslinga. I neste klipp kan du sjå korleis dette kan avgrense moglegheit for å delta.

Rettleiaren Tolking og barn

Samlingsstund i barnehage.

Tolking og barn

Denne ressursen retter seg mot foreldre, familie, fagpersoner og fritidsledere som møter barn med tolk.