Velg variant:

Zoey har Usher type 1

Zoey (4) blei fødd døv og har diagnosen Usher type 1. Det betyr at ho også vil få nedsett syn.

Møt Zoey (4) og sjå filmen om ho

Zoey sjarmerer dei fleste med smilet sitt og elskar å male og kle seg ut.

Zoey blei fødd døv, har Usher type 1 og vil få nedsett syn.

Korleis er det å få eit barn som har kombinerte sansetap?

I filmen fortel mora til Zoey om tankane og kjenslene sine rundt det å ha eit barn med kombinerte sansetap.

– Ho er det beste som har hendt meg. Eg er sikker på ho kjem til å bli noko stort, seier mora til Zoey.

Men mora legg ikkje skjul på at ho også har mange spørsmål framover. Kan Zoey ta førarkort? Kan ho bu aleine?

Gode føresetnader i barnehagen

I filmen møter du i tillegg ein rådgivar frå Statped og førskolelæraren til Zoey i barnehagen.

I barnehagen har dei lagt til rette slik at Zoey skal ha best moglege føresetnader for leik og kommunikasjon.

Zoey er også blitt så flink til å bruke teiknspråk, som er førstespråket hennar. Ho går i ein barnehage der det er mange barn med høyrselsvanskar.