Synstolking
Video som viser eksempel på korleis du kan synstolke ulike situasjonar.
Synstolking er munnlege beskrivingar av informasjon som ikkje kan oppfattast gjennom høyrselen. Det kan vere å beskrive det som skjer i omgivnadene, kroppsspråk, bilete eller videoar.
Mange elevar med synsnedsetjingar vil ha behov for synstolking både i undervisning og i sosialt samspel.
Når du synstolkar, kan barnet eller eleven danne seg mentale bilete og få oversikt. Det kan auke tryggleik og sjølvstende og betre føresetnader for å delta fagleg og sosialt.
Synstolking handlar i hovudsak om at du som synstolkar,
- beskriv med eit presist språk
- er merksam på når du må supplere informasjon
Kva bør synstolking omfatte?
Kva som skal synstolkast, er avhengig av kva arena du er på, kva aktivitet barnet eller eleven skal gjere, eller kvar klassen/gruppa har fokuset sitt. Dei eldste elevane kan du gjerne snakke med om kva dei treng av informasjon i ulike situasjonar.
Synstolking – dette bør du hugse
- Fortel kven som er til stades i rommet.
- Fortel når nokon forlèt rommet.
- Si kven du snakkar til, ved å bruke namn framfor å peike eller si «du».
- Forklar det som blir vist på tavle/skjerm.
- Set ord på det som går føre seg, og det som er felles fokus i samlingsstunda eller i klassen.

Korleis kan du synstolke?
Barn og elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, kan ha behov for synstolking i undervisning og sosialt samspel.


