Teiknspråktimane
Eit supertips om teiknspråktimane er at eleven og lærareren snakkar norsk teiknspråk med kvarandre gjennom eit lukka vindauge.
Teiknspråktimane bygger på at alle menneske snakkar det språket som er mest effektivt i situasjonen. Så at teiknspråklege barn snakkar talespråk til høyrande, også teiknspråklæraren deira, er heilt naturleg.
I teiknspråktimane er det derfor eit supertips å gjere det Ruth Bente og Julian gjer i filmen. Dei snakkar norsk teiknspråk med kvarandre gjennom eit vindauge som er lukka. Då kjem ikkje lyden frå talespråket gjennom, så då må dei snakke teiknspråk.
Sjå filmen, så ser du korleis dei gjer det.
Opplæringa i teiknspråktimane
Elevar med nedsett høyrsel har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Det er foreldra og eleven som vel om dei ønskjer opplæring i og på teiknspråk.
Læreplanar i norsk og engelsk for elevar med teiknspråk skjel seg ikkje veldig mykje frå dei ordinære læreplanane. I faget drama og rytmikk er skilnadene større, samanlikna med musikkfaget.

Hvordan kommer jeg i gang med opplæringen?
Hva gjør du om din skole har fått ansvar for en elev som har rett til opplæring i og på tegnspråk?


