Nyleg påvist høyrselstap: barn og elevar med nedsett høyrsel
Når barn og elevar har nyleg påvist høyrselstap, kan spesialisthelsetenesta kople på Statped for å gi foreldra eit strakstilbod om samtale.
Målgruppa er foreldre til barn og elevar med nyleg påvist høyrselstap, men kan også gjelde for barn og elevar der eit høyrselstap blir oppdaga seinare.
Formålet er at foreldre til barn og elevar med nyleg påvist høyrselstap får
- eit samordna tilbod i ein tidleg fase som kan bidra til at dei blir trygge i samspelet med barnet eller eleven
- tilstrekkeleg informasjon om både medisinske forhold og spesialpedagogiske moglegheiter
- god oversikt over tilboda som finst for hjelp vidare, både i helse- og opplæringssektoren
- eitt til tre møte i ein tidleg fase etter at eit høyrselstap er oppdaga, over ein periode på inntil seks månader
Samarbeid om nyleg påvist høyrselstap
Det er spesialisthelsetenesta ved høyrselsavdelingar, høyresentralar eller øyre-nase-halsavdelingar som kontaktar oss i Statped om slike bidrag.
Spesialisthelsetenesta og Statped informerer kommunale instansar som har det vidare ansvaret for tenester til barnet/eleven.
I det vidare kan pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i kommunen søke Statped om tenester knytt til varige, omfattande eller særleg komplekse behov for å tilrettelegge i barnehage og skole.