Strakstilbud

Strakstilbod er eit samordna tilbod frå Statped og spesialisthelsetenesta, og det er utvikla eigne samhandlingsrutinar mellom partane.

Strakstilbod er ein del av arbeidet med tidleg innsats for barn, elevar og vaksne for å gi eit samordna tilbod frå Statped og spesialisthelsetenesta.

Innanfor dette tilbodet tilbyr Statped samtalar med foreldre når nokon nyleg har fått, eller det nyleg er oppdaga, alvorleg nedsett syn, høyrselstap, erverva hjerneskade eller kombinert syns- og høyrselstap. Siktemålet er å gi informasjon om både medisinske forhold og spesialpedagogiske moglegheiter, og gi oversikt over tilboda som finst for vidare hjelp i både helsesektoren og utdanningssektoren.

Strakstilbod er eit avgrensa tilbod i ein tidleg fase. Ved behov for vidare oppfølging vurderer PP-tenesta i brukaren sin bustadkommune om det skal sendast søknad til Statped.

Det er spesialisthelsetenesta som sender ei tilvising til Statped, der det tydeleg går fram at det gjeld eit strakstilbod. Det må gå fram i tilvisinga at foreldre har gitt samtykke til at spesialisthelsetenesta kan dele informasjonen med Statped.

Kvinne taster på mobil

Usikker på noe?

Statpeds spør oss-tjeneste er et lavterskeltilbud for deg som trenger råd om spesialpedagogikk. Vi snakker mest med folk i PP-tjenesten, men barnehager, skoler og andre kan også ta kontakt. Er du foresatt og lurer på hvordan støttesystemet fungerer, hjelper vi deg gjerne.