Kva er utviklingsmessige språkforstyrringar (DLD)
Utviklingsmessige språkforstyrringar (Developmental Language Disorder, DLD) er ei nemning vi bruker når barn, elevar og vaksne har vedvarande vanskar med å forstå og/eller uttrykkje språk som ikkje kan forklarast av andre tilhøve.
DLD er ei nevroutviklingsforstyrring som gir varige og store vanskar med språk. Forstyrringa kjem til syne i barndommen og varer livet ut. For at språkvanskar skal bli klassifiserte som DLD, må dei
- påverke funksjonar i kvardagen
- halde fram utover femårsalderen
- ikkje skuldast andre medisinske eller nevrologiske tilstandar eller manglande språkleg stimulering
Det er ofte ein arveleg komponent involvert. Dersom foreldre eller søsken har vanskar med språk, lesing eller skriving, er det auka risiko for DLD. Årsakene er sammensette og ikkje fullt ut kjende. Om lag 7,5 prosent av befolkninga har DLD.
Å ha DLD betyr ikkje at ein har nedsette ikkje-språklege evnar, men vanskane kan likevel føre til utfordringar på skulen og i kvardagslivet.


