Slik kan foreldre støtte språk- og taleutvikling hos barn
Tidleg innsats og medviten språkstimulering kan leggje eit solid grunnlag for språk- og taleutviklinga til barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte. Slik kan foreldre bidra.
Mange barn som er fødde med ganespalte, utviklar eit godt talespråk utan spesielle tiltak. Likevel er det nokre språklydar barn med spalte kan streve ekstra med. Slik kan de som er foreldre, bidra i språk- og taleutviklinga til barnet.

Før ganelukke
For barn som er fødde med leppe-kjeve-ganespalte, kan enkelte språklydar vere vanskelegare å uttale enn andre. Spesielt kan lydar som krev trykk i munnen, som /p, t, k, b, d, g/ og / f, s/, vere utfordrande.
Likevel er det viktig å stimulere språk- og taleutviklinga til barnet allereie i denne fasen. Sjølv om barnet ikkje kan uttale alle lydane rett enno, er det nyttig å oppmuntre til lydleik og imitasjon for å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene for talespråk.
Tips til tidleg språkstimulering
- Ansikt-til-ansikt-kommunikasjon: Sørg for at barnet ser ansiktet ditt når du snakkar. Dette hjelper barnet med å forstå korleis lydar formast med munnen.
- Lydleik: Engasjer barnet i babling ved å lage enkle lydar som «mamama» og oppmuntre barnet til å etterlikne.
- Imitasjon: Vis barnet morosame lydar som blir produserte framfor i munnen, som f. eks. dyre- og motorlydar.
- Daglege rutinar: Bruk situasjonar som bleieskift og måltid til å snakke med barnet og introdusere nye lydar og ord.
- Reduser bakgrunnsstøy: Skap eit roleg miljø slik at barnet lettare kan fokusere på røysta di.
De som er foreldre, kan gjere språktrening til ein naturleg del av kvardagen ved å snakke mykje med barnet, svare på lydane barnet lagar og bruke mimikk og kroppsspråk for å støtte opp under kommunikasjonen. Jo fleire språklege erfaringar barnet får, desto betre grunnlag har barnet for vidare språk- og taleutvikling.
Etter ganelukke
Etter at ganen er lukka kirurgisk, kan barnet byrje å produsere flere språklydar. Rundt eittårsalderen held barnet fram med å leike med lydar, og dei første orda tek form. Orda treng ikkje vere «perfekte» – det viktigaste er at barnet opplever meistring og motivasjon til å halde fram med å bruke språket. Tonefall og rørsler kan ofte bidra til å gjere talen meir forståeleg.
Barn fødd med ganespalte kan ha ein tendens til å uttale lydar lenger bak i munnen. Til dømes kan /t/ bli til /k/. Foreldre kan hjelpe barnet med å bruke lydar fremst i munnen ved å modellere og gjenta rett uttale.
Gi barnet god tid til å svare før gjentakinga. Bruk gjerne språklydar som gir meining for barnet i ein aktivitet som barnet er opptatt av, til dømes slik:
Forelder: «toget tøffer, t-t-t» (pause)
Barn: «k-k-k»
Forelder: «t-t-t»
Songar og rim er også eit nyttig verktøy for å hjelpe barnet med mengdetrening i ulike språklydar.
Dersom du på noko tidspunkt er bekymra for språk- og taleutviklinga til barnet, skal du ha låg terskel for å søkje hjelp. Ta kontakt med helsestasjonen eller barnehagen. Dei kan hjelpe deg med ulike tiltak eller ta kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). PPT er den sakkunnige instansen til kommunen og søkjer tenester frå Statped ved behov.
Alle barn fødde med ei spalte i ganen vil bli innkalla til eit tverrfagleg dagskurs når barnet er mellom tre og seks veker gammalt. Deretter blir barna innkalla til ei tidleg logopedisk vurdering i Statped når det er omkring 18 månader gammalt.
Høyrsel og språk- og taleutvikling
Mange barn fødde med ganespalte har auka risiko for væskesamling i mellomøyret, noko som kan gi mellombels nedsett høyrsel. Dette kan påverke språk- og taleutviklinga, særleg viss barnet ofte høyrer uklart eller svakt. Nokre barn treng ventilasjonsrøyr (dren) for å betre høyrselen.
For å sikre god språk- og taleutvikling treng barn med ganespalte regelmessig oppfølging av øre-nase-halslege, gjerne to gonger i året fram til skulestart.
Heime kan foreldre vere merksame på teikn på høyrselsvanskar, som at barnet ofte ber om gjentakingar, verkar ukonsentrerte i støyande omgivnader eller ikkje reagerer på lydar som vanleg. Dersom det er mistanke om redusert høyrsel, er det viktig å ta kontakt med helsepersonell for vidare vurdering.

Usikker på noe?
Statpeds spør oss-tjeneste er et lavterskeltilbud for deg som trenger råd om spesialpedagogikk. Vi snakker mest med folk i PP-tjenesten, men barnehager, skoler og andre kan også ta kontakt. Er du foresatt og lurer på hvordan støttesystemet fungerer, hjelper vi deg gjerne.


