Refleksjonsverktøy for inkluderande praksis

Refleksjonsverktøyet er eit rådgivarverktøy som PPT og Statped kan bruke for å fremme inkluderande læringsmiljø i barnehagar og grunnskolar.

Verktøya kartlegg skolen eller barnehagen sin inkluderande praksis ved at personalet fyller ut eit digitalt påstandsskjema. Resultatet skal danne eit grunnlag for utviklingsarbeid som fremmar inkluderande læringsmiljø i barnehagar og grunnskolar.

PPT kan søke om opplæring i bruk av refleksjonsverktøyet. I etterkant av opplæringa kan PPT bruke refleksjonsverktøyet fritt.

Føremål

PPT kan søke om opplæring og tilgang til refleksjonsverktøyet

  1. PPT søker Statped om ei systemteneste, noko som inneber at PPT får opplæring i og tilgang til å bruke refleksjonsverktøyet sjølv.
  2. PPT søker om at Statped gjennomfører bruk av refleksjonsverktøyet i ein konkret barnehage eller skole som ei systemteneste. Verktøyet kan også brukast i allereie innsøkte saker.

    Begge disse tenestene kan PPT søke om gjennom ordinær søknad frå PPT til Statped om systemtenester.

Fagleg forankring

Refleksjonsverktøyet er bygd på Mitchell sine ti faktorar for inkluderande opplæring.

Refleksjonsverktøyet ivaretar

Når barnehagen/skolen svarer på påstandane, vil dei få eit bilete av sin eigen praksis knytt til Mitchells faktorar. Gjennomføringa av å bruke refleksjonsverktøyet går føre seg i denne rekkefølga:

Viser gjennomføringen av Inkluderende praksis foregår i denne rekkefølgen med piler

Arbeidet føreset at PPT har basiskompetanse om inkluderande praksis og kompetanse i å hjelpe barnehagar og skolar med organisasjons- og kompetanseutvikling, slik barnehagelova og opplæringslova krev.

Slik bruker du refleksjonsverktøyet i barnehagar/skolar

Opplæring til PPT i å bruke refleksjonsverktøyet

Opplæringa i å bruke refleksjonsverktøyet skjer på denne måten:

  1. Ein fagdag på 4,5–6 timar. Innhaldet denne dagen er teori og refleksjon om inkludering, teknisk opplæring i bruken og innføring i SWOT‑metoden. Delar av innhaldet blir tilpassa behova til PPT.
  2. Statped følger PPT tett på dei 2–4 første einingane der dei bruker refleksjonsverktøyet. Det inneber eitt digitalt møte per eining når resultata føreligg, før PPT skal ha refleksjonsmøte med leiinga i barnehagen/skolen.
  3. Moglegheit for at Statped kan vere til stades digitalt i refleksjonsmøte med barnehagen/skolen.
  4. Avsluttande møte (digitalt) etter at SWOT er gjennomført i dei to til fire barnehagane/skolane som PPT har gjennomført bruken av refleksjonsverktøyet saman med.

    Opplæringa blir gitt til PP-kontor og ikkje til einskilde rådgivarar.