Heiltidsopplæring for elevar med medfødd døvblindskap
Statped tilbyr grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring (1.–13. trinn) for elevar med medfødd døvblindskap ved Diamanten skole i Oslo.
Tilbodet er for elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring med medfødd døvblindheit som har behov for ei taktil tilnærming i opplæringa, og som bur i Oslo og omegn.
Opplæringa følgjer dei ordinære læreplanane. For elevar med vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring utarbeider vi individuelle opplæringsplanar (IOP). Vi tilpassar undervisninga til den enkelte eleven og kombinerer fagleg utvikling med språk- og kommunikasjonsstøtte.
Elevane får opplæring i og på ulike former for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Undervisninga skjer i eit stimulerande, taktilt språkmiljø. Vi legg stor vekt på å støtte den sosiale utviklinga til eleven og opplevinga av fellesskap.
Kven kan søke?
Tilbodet kan givast til elevar på grunnskolenivå og vidaregåande nivå frå Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold og Innlandet som har funksjonsnemninga døvblindheit, er under utgreiing for døvblindheit, eller som kjem til å starte opp utgreiing. Utgreiing for funksjonsnemninga døvblindheit blir ivareteken av Statped.
Mål for opplæringa
I tillegg til å jobbe mot kompetansemål i fag, er det eit overordna mål å
- styrke omgrepsforståinga og den kommunikative kompetansen til eleven
- utvikle språk og samspel gjennom taktile strategiar
- fremme deltaking, tryggleik og meistring i kvardagen
Slik går du fram
Føresette er dei som fyller ut søknadsskjemaet og sørger for signatur eller godkjenning av søknaden frå leiar i utdanningsetaten/opplæringsansvarleg i kommunen/PP-tenesta.
Om Diamanten skole
Gatedresse
Gamle Hovsetervei 3 i Oslo.
Postadresse
Diamanten skole for elever med døvblindhet
Statped postmottak
Postboks 113
3081 Holmestrand
Telefon
Rektor
Hege Kristine Høgmo
996 45 264
[email protected]
Diamanten skole for elevar med døvblindheit er ein del av det statlege spesialpedagogiske opplæringstilbodet som skal bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov får moglegheit til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling. Tenesta som blir gitt til elevane ved skolen, er forankra i opplæringslova kapittel 11 om tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging (lovdata.no).
Skolen gir undervisning på grunnskole- og vidaregåande nivå for elevar med døvblindheit, med eit særleg fokus på kroppsleg og taktil kommunikasjon.
Diamanten skolen sitt felles verdigrunnlag tek utgangspunkt i eit mangfaldsperspektiv. Skolen skal skape vilkår som gjer elevane handlekraftige og robuste på sin eigen måte. Skolen har som mål å vere ein inkluderande arena, der det blir gitt likeverdige moglegheiter. Inkludering og deltaking er viktige satsingsområde for ei kontinuerleg utvikling av sjølvstende, eit godt sjølvbilde og god livskvalitet. Målet er at elevane skal få utvikle dei sterke sidene sine og få moglegheit til å bli den beste versjonen av seg sjølve.
Det er den pedagogisk-psykologiske tenesta i kommunen/fylket som tek stilling til om ein elev treng individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva slags tilrettelegging eleven treng.
FNs barnekonvensjon legg vekt på retten til å uttrykkje seg og å bli høyrd (artikkel 3). Vårt pedagogiske grunnsyn tek utgangspunkt i samspelspedagogisk tenking og legg vekt på å fremje barnet si eiga stemme.
Kommunikasjon og språk i taktil modalitet er overordna i all undervisninga vår. I tillegg blir individuelt tilpassa alternative og supplerande kommunikasjonshjelpemiddel (ASK) nytta.
Prinsippa våre er at elevane skal få ei reell oppleving av å bli sett, bekrefta, forstått og få moglegheit til å uttrykkje seg med eigne uttrykk, slik at dei gjennom kommunikasjon med andre kan påverke sin eigen situasjon.
Alle elevane ved skolen har kombinerte sansetap, der føresetnadene til den enkelte for å nyttiggjere seg eventuell syns- og høyrselsrest vil variere mykje. Behova til kvar elev vil vere svært ulike i ein opplæringssamanheng der ein legg vekt på fag og satsingsområde ulikt, ut frå sakkunnig vurdering.
Undervisninga blir tilpassa den enkelte eleven ut frå kompetansen, motivasjonen, interessa, typen og omfanget av sansetapa og eventuelle tilleggsvanskar. Med bakgrunn i ei heilskapleg forståing av elevane og lærarane sin spesialiserte partnarkompetanse utviklar skolen individuelle læringsplattformar. Desse læringsplattformane blir utarbeidde gjennom diagnostiserande undervisning som er utvikla i tverrfaglege team.
Skolen tek utgangspunkt i eit relasjonelt perspektiv, der samhandling, tilknyting og tillit står sentralt. Leik, samhandling, nærleik, varleg innleving, utforsking og kategorisering er sentrale element for å utvikle kommunikasjon. Ei relasjonell forståing legg til grunn at opplæringa må tilpassast elevane slik at samspelet fungerer betre og gir vekstvilkår.
Elevane ved skolen har kombinerte sansetap, og den kroppslige og taktile modaliteten er derfor hovudkanalen i samband med læring, informasjonsinnhenting, kommunikasjon, orientering og mobilitet.
Innhaldet i undervisninga omfattar tidleg og høgt spesialisert intervensjon, med vekt på å utvikle kommunikasjon, moglegheiter for å få tilgang til informasjon, fri rørsle, orientering og mobilitet. Undervisninga er lagt til rette med tanke på følgande:
- Tilrettelegging av det sosiale og fysiske miljøet.
- Eit profesjonelt læringsmiljø som kan fange opp dei lågt lesbare uttrykka til eleven, bekrefte og vere nysgjerrig på viljen, intensjonane, tankane, kjenslene og meiningane til eleven. Dette for å styrke opplevinga til eleven av seg sjølv, med eiga handlekraft som kan påverke eigne omgjevnader. Dette er stemmen til barnet.
- Opplæring i ferdigheiter i dagleglivet (ADL) og utvikling av sjølvstende.
- Førbegynnande lese- og skriveopplæring, romleg forståing av tal, rom og form.
- Lese- og skriveopplæring som er tilpassa sansetapet (tohandsalfabet, punktskrift).
- Undervisning som legg vekt på leik, samspel, utforsking og varleg innleving, og som utviklar kommunikasjon basert på dei ibuande uttrykka og føresetnadene til eleven.
- Kroppsleg, taktil nærleik og posisjonering som gir moglegheiter for kommunikasjon. På den måten kan eleven kjenne, oppfatte og forstå nærværet og intensjonen til den andre og få tilgang til gode utviklings- og læringsvilkår.
Skolen tar utgangspunkt i dei ordinære læreplanane i fagfornyinga (udir.no). Det blir utarbeidd individuelle opplæringsplanar (IOP-ar) når ein elev har fått vedtak om dette.

