Tenester til universitet og høgskolar
Statped samarbeider med universitet og høgskolar som ønsker å utvikle kompetanse og styrke undervisning og forsking knytt til fagområda våre.
Vi bidrar både fagleg og erfaringsbasert i høgare utdanning og deler den praksisnære kunnskapen vår frå arbeid med barn og elevar med omfattande og varige behov for individuell tilrettelegging.
Kva kan du søke om?
Universitet og høgskolar kan søke Statped om dette:
- Kompetansetiltak, kurs og foredrag
Bidrag frå fagpersonar i Statped til undervisning, seminar eller fagutvikling. - Bidrag til forskings- og utviklingsarbeid og prosjektdeltaking
Samarbeid om praksisnære FoU-prosjekt eller annan fagleg utvikling. - Forelesingar og studentarbeid
Forelesing om Statpeds fagområde og tenester eller rettleiing og dialog med studentar i praksis og oppgåver.
Slik går du fram
Ta kontakt med Statped for å drøfte moglegheitene for samarbeid og for å avklare behov. Saman finn vi ut korleis vi best kan bidra til arbeid i eit fagmiljø.
