Oppfølging av barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte (LKG)
Statped følger opp talespråkutvikling hos barn som er fødd med leppe-kjeve-ganespalte.
Dersom barnet er fødd med ei spalte i den bløte ganen, blir Statped automatisk kopla inn for å følge opp utviklinga av nasalitet og språklydar.
Mange barn med ganespalte lærer seg å snakke utan spesielle tiltak, men nokre kan ha behov for individuell oppfølging. Hvis språklydar hos barnet utviklar seg i ei anna rekkefølge eller er forseinka, kan det vere behov for logopedisk oppfølging.
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) kan sende søknad til Statped dersom det er usikkerheit rundt uttale og nasalitet hos barnet. Dette gjelder særlig ved
- hypernasal tale (for mykje klang frå naserommet når barnet snakkar)
- høyrbar nasal luftlekkasje når barnet snakkar
- uttalevanskar som er typiske for barn med spalte
Kva Statped kan tilby
- Informere foreldre om korleis spalten kan påvirke talespråkutviklinga til barnet, korleis foreldre kan språkstimulere barnet og anna oppfølging og tiltak.
- Kartlegge talespråkutviklinga til barnet på ulike alderstrinn.
- Vurdere behov for logopedisk oppfølging.
- Retteleie om spesialpedagogisk tilrettelegging i barnehage og skole.
- Gi råd og rettleiing til logopedar og andre pedagogiske instansar i kommunen der barnet bur.
- Gi kurs og forelesinger om LKG til studentar, logopedar, spesialpedagogar og andre fagpersonar.
- Samarbeide med universitet og høgskolar om praksis for og rettleiing av masteroppgåver for logopedistudentar.
Slik går du fram
Statped deltar i to nasjonale behandlingsteam for barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte:
- Fleirregional behandlingsteneste for leppe-kjeve-ganespalte – Oslo universitetssjukehus HF (ous.no opnast i ny fane)
- Fleirregional teneste for leppe-kjeve-ganespalte – Helse Bergen HF (helse-bergen.no opnast i ny fane)

Har du noen spørsmål?
Hos spør oss-tjenesten kan du drøfte og få råd i spesialpedagogiske spørsmål. Vi retter oss først og fremst mot PP-tjenesten, men du kan også ta kontakt om du jobber i barnehage eller skole. Er du foresatt, kan vi hjelpe deg med å finne fram i det spesialpedagogiske støttesystemet.