Barnehagetilbod
Statpeds barnehagetilbod er for barn med nedsett høyrsel og eventuelle søsken i barnehagealder når foreldre deltar på kursa Se mitt språk eller God start.
Når foreldre deltar på God start, får barnet alltid delta i barnehagetilbodet uavhengig av vedtak.
Ved overgang til Se mitt språk må barnet ha ha enkeltvedtak om opplæring i norsk teiknspråk, heimla i barnehagelova § 31 (sakkunnig vurdering som beskriv opplæring i teiknspråk) eller § 38 (opplæring i og på teiknspråk).
Barnehagetilbodet er også for søsken i barnehagealder når foreldre deltar på kursa God start eller Se mitt språk. Ved stor pågang prioriterer vi dei som har reiseveg på 60 kilometer eller meir frå ein kursstad.
Barnehagetilbodet er eit pedagogisk tilbod med utgangspunkt i rammeplanen for barnehagen. Barna må vere mellom 18 månader og seks år når dei deltar i barnehagetilbodet.
Målet er at barn og foreldre opplever ein trygg stad kor alle skal få moglegheit til å medverke i kvardagen sin og utvikle begynnande forståing for norsk teiknspråk.
Vi tilpassar oss til kommunikasjonsbehovet som kvart barn har, men vi vil alltid bruke norsk teiknspråk som basis i kommunikasjonen. Ønsket vårt er at barna vil knytte sosiale band med jamnaldrande – band som dei tar med seg vidare i Statpeds tilbud om deltidsopplæring.
Slik går du fram
Barn får barnehagetilbud ved at pedagogisk-psykologisk teneste krysser av for dette i samme søknadsskjema som foreldrekurs. Les mer om foreldrekurset God start her (God start – Statped ) og Se mitt språk her (Se mitt språk – Statped)
Ekstra behov
Om barnet har tilrettelagde behov utover høyrselstekniske eller pedagogiske behov, må PPT avklare dette med Statped på førehand.
Om barnet har ekstra tilsett ressurs i bustadbarnehagen sin, er det viktig med eit samarbeid om dette i samband med kursvekene. Det er ønskeleg at denne/desse følger barnet gjennom dagane hos Statped. Kontakt Statped på førehand for å avklare dette.
Tilbodet
Tilbodet er på same stad og i same veke som foreldre er på kurs.
Nettverk til tilsette i barnehagar
Nettverk for barnehagar der det går barn som får tenester frå Statped, anten gjennom eit barnehagetilbod, foreldrekurset Se mitt språk og/eller ei rådgivingsteneste, er eit nettverk på Teams for dei tilsette rundt barnet. Nettverket har digitale og fysiske aktivitetar og samlingar med tema basert på nettverket sine eigne ønske og behov. Tilsette kan delta på dei aktivitetane som er aktuelle.

