God start

God start er eit kurstilbod for foreldre til barn i alderen 0–3 år med nyoppdaga høyrselstap.

Kurset

Her kan du lese meir om teiknspråklege tenester frå Statped.

Gjennomføring

God start er ei kursrekke med seks samlingar. Kursa går over to år med tre samlingar per år. Statped arrangerer samlingene på ulike stader i lander. Familiar får tilbod om kurs der det er meste hensiktsmessig.

Statped dekker overnatting og mat i løpet av opphaldet for tilreisande som har over seks mil reiseveg til kursstaden, og skyss mellom overnattingsstad og kursstad. Vi dekker ikkje utgifter til reise. Foreldre må sjølv avklare om bustadkommunen deira dekker dette.

Stønad og rettar ved tenester

Foreldre som følger barn til utgreeing eller deltar på kurs hos Statped, kan ha rett til permisjon og ulike stønader.