Samiske spesialpedagogiske tenester
Statped gir spesialpedagogisk tilpassa tenester til samiske barn og elevar på nord-, lule- og sørsamisk og på norsk.
Statped bistår kommunar og fylkeskommunar med å legge til rette for samiskspråklege barn og elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring. Dette skjer gjennom samisk spesialpedagogisk støtte (SEAD), som er ein landsdekkande del av Statped.
SEAD kombinerer spesialpedagogisk spisskompetanse med samisk språk- og kulturkompetanse. SEAD tilbyr tenester innan alle fagområda i Statped – og til heile aldersspennet frå barnehage til vaksenopplæring. Tenestene blir ytt på nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og norsk.
Målet er å sikre at samiske barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging får eit likeverdig og inkluderande tilbod – uavhengig av bustad. Dette er eit særskilt ansvar for Noreg, forankra i Grunnlova § 108 og internasjonale konvensjonar.
Kven tenestene er til for
Tenestene er for
- kommunar og fylkeskommunar som ikkje er forventa å ha nødvendig samisk spesialpedagogisk kompetanse sjølv
- barnehagar, skolar og PP-tenester som har behov for støtte i arbeidet med enkeltbarn og -elevar
SEAD jobbar også med å utvikle og formidle læringsressursar og kartleggingsmateriell på samiske språk.
Slik går du fram for å søke om tenester
SEAD er landsdekkande og jobbar på tvers av alle fagområde i Statped. Alle tenester i Statped er derfor tilgjengelege på samisk.

