Raskare veg til rett kompetanse

Spør oss – Statpeds lågterskelteneste – held fram med høgare aktivitet og raskare respons. Kommunane får betre hjelp til barn og elevar med særskilde opplæringsbehov.

Spør oss svarer på spesialpedagogiske spørsmål utan at kommunane først må søke om tenester frå Statped. Samtidig får kommunane raskare hjelp dersom dei likevel må søke.

2 735 førespurnader i 2025

I 2025 vart spør oss mest brukt av pedagogisk-psykologisk teneste, men også av skolar og foreldre.

Førespurnadene spegla aktuelle særskilde opplæringsbehov hos barn og elevar i barnehagar og skolar. Spør oss fekk flest spørsmål om autismespekterforstyrringar, ADHD og alvorleg skolefråvær, men også om språkforstyrringar, lese- og skrivevanskar og språklydsvanskar.

Fleire avklaringar – betre søknader – raskare hjelp

Kommunar og fylkeskommunar har gjennom dialog med spør oss fått hjelp til å vurdere om dei skal søke om tenester frå Statped eller ikkje. 

Slik fekk vi søknader med klarare problemstillingar og meir relevant dokumentasjon. Tidlege avklaringar til kommunane opna for raskare hjelp frå Statped.

– «Spør oss»-tjenesten vår har stabilisert seg på et høyt antall henvendelser. De fleste kommer fra PPT og skole. Svært mange av henvendelsene fører til rådgivning direkte, slik at spørsmålene svares ut. Det gjennomføres i tillegg fordrøftinger i saker som gjør at søknadene til oss, treffer godt. Vi avslår få søknader. Det bidrar til å effektivisere rådgivningstjenestene, og til å sikre at ventetidene våre holder seg godt innenfor målet.

Annemarie Bechmann HansenStatpeds direktør, i Leders beretning, Årsrapport 2025, Statped

Ny organisering gav betre flyt og høgare kvalitet

I 2025 fekk spør oss også betre flyt på førespurnadene. Førehandsavtalte samtalar gav meir effektiv bruk av ressursane, auka kvalitet og positive tilbakemeldingar frå brukarane.

Spør oss i 2025

2 735
Førespurnader til spør oss i 2025
48 %
Førespurnader frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
13 %
Førespurnader frå skolar
12 %
Førespurnader frå foreldre

Statpeds årsrapport 2025