Refleksjonsverktøy for inkluderande praksis
Refleksjonsverktøyet er eit rådgivarverktøy som PPT og Statped kan bruke for å fremme inkluderande læringsmiljø i barnehagar og grunnskolar.
Verktøya kartlegg skolen eller barnehagen sin inkluderande praksis ved at personalet fyller ut eit digitalt påstandsskjema. Resultatet skal danne eit grunnlag for utviklingsarbeid som fremmar inkluderande læringsmiljø i barnehagar og grunnskolar.
PPT kan søke om opplæring i bruk av refleksjonsverktøyet. I etterkant av opplæringa kan PPT bruke refleksjonsverktøyet fritt.
Føremål
- Å bidra til at barn og unge får tilfredsstillande opplæring i eit inkluderande læringsmiljø.
- Å styrke samarbeidet mellom PPT og barnehage/skole.
- Å gi kunnskap om barnehagen/skolen sin ståstad i arbeidet med inkluderande læringsmiljø og bidra til å støtte barnehagen/skolen sitt endringsarbeid mot ein meir inkluderande praksis.
PPT kan søke om opplæring og tilgang til refleksjonsverktøyet
- PPT søker Statped om ei systemteneste, noko som inneber at PPT får opplæring i og tilgang til å bruke refleksjonsverktøyet sjølv.
- PPT søker om at Statped gjennomfører bruk av refleksjonsverktøyet i ein konkret barnehage eller skole som ei systemteneste. Verktøyet kan også brukast i allereie innsøkte saker.
Begge disse tenestene kan PPT søke om gjennom ordinær søknad frå PPT til Statped om systemtenester.
Logg inn til refleksjonsverktøyet
For PPT som har fått refleksjonsverktøyet
Fagleg forankring
Refleksjonsverktøyet er bygd på Mitchell sine ti faktorar for inkluderande opplæring.
Refleksjonsverktøyet ivaretar
- rammeplanen for barnehagen (barnehageanalysen)
- overordna del av læreplanverket (skoleanalysen)
- Barnekonvensjonens artikkel 12 om barnet sin rett til å bli høyrd
Når barnehagen/skolen svarer på påstandane, vil dei få eit bilete av sin eigen praksis knytt til Mitchells faktorar. Gjennomføringa av å bruke refleksjonsverktøyet går føre seg i denne rekkefølga:

Arbeidet føreset at PPT har basiskompetanse om inkluderande praksis og kompetanse i å hjelpe barnehagar og skolar med organisasjons- og kompetanseutvikling, slik barnehagelova og opplæringslova krev.
Artiklar til førebuingar
Slik bruker du refleksjonsverktøyet i barnehagar/skolar
Barnehagen og skolen må ha eit ønske om eit utviklingsarbeid som fremmar inkluderande praksis. Leiinga må vere motivert til å sette av tid til å gjennomføre bruken av refleksjonsverktøyet, men også tid til å arbeide med tiltak som kjem ut av resultata.
PPT og leiinga i barnehagen/på skolen blir einige om at dei ønsker eit utviklingsarbeid for å utvikle organisasjonen sin inkluderande praksis.
PPT sender det digitale spørreskjemaet til leiinga i barnehagen eller på skolen. Dei sender skjemaet vidare til dei tilsette.
Dei tilsette svarer anonymt på det digitale skjemaet.
PPT mottar resultata, set dei inn i ein PowerPoint og sender dei til barnehagen/skolen. Resultata blir viste i form av grafiske profilar.
Både PPT og leiinga i barnehagen/skolen setter seg inn i resultata kvar for seg. Deretter møtest dei for å reflektere rundt resultata. Dei identifiserer nokre påstandar som kan vere aktuelle å jobbe vidare med.
Barnehagen/skolen skal nå velge ut ein påstand som dei skal jobbe vidare med. Dette kan dei gjere på ulike måtar:
- Heile personalet får tilgang til innhaldet og får moglegheit til å uttale seg eller stemme på kva for ein av dei utplukka påstandane dei har lyst å jobbe vidare med.
- Ei representativ gruppe av dei tilsette får mandat til å velge ut påstandar.
I barnehagen/skolen skal det nå gjerast ein SWOT‑analyse av ein vald påstand. Dette er aktiviteten som er mest ressurskrevande, sidan heile personalet skal vere med. Ein SWOT‑analyse tar 1,5–2 timar. Leiinga leier prosessen med støtte frå PPT.
På bakgrunn av informasjonen som kjem fram i SWOT‑analysen, utarbeider barnehagen/skolen ein tiltaksplan/utviklingsplan/prosjektplan. PPT støttar leiinga i arbeidet med planen og med valde tiltak.
Opplæring til PPT i å bruke refleksjonsverktøyet
Opplæringa i å bruke refleksjonsverktøyet skjer på denne måten:
- Ein fagdag på 4,5–6 timar. Innhaldet denne dagen er teori og refleksjon om inkludering, teknisk opplæring i bruken og innføring i SWOT‑metoden. Delar av innhaldet blir tilpassa behova til PPT.
- Statped følger PPT tett på dei 2–4 første einingane der dei bruker refleksjonsverktøyet. Det inneber eitt digitalt møte per eining når resultata føreligg, før PPT skal ha refleksjonsmøte med leiinga i barnehagen/skolen.
- Moglegheit for at Statped kan vere til stades digitalt i refleksjonsmøte med barnehagen/skolen.
- Avsluttande møte (digitalt) etter at SWOT er gjennomført i dei to til fire barnehagane/skolane som PPT har gjennomført bruken av refleksjonsverktøyet saman med.
Opplæringa blir gitt til PP-kontor og ikkje til einskilde rådgivarar.