Kva er best for barnet?

Sjølv om skole er ein ny og kanskje ukjend arena for barnet, veit barnet noko om kva det liker og ikkje liker, og kva som fungerer for seg.

Det har vore mindre tradisjon for å hente inn og legge vekt på informasjon frå barnet sjølv. Sjølv om skole er ein ny og kanskje ukjend arena for barnet, veit barnet noko om kva det liker og ikkje liker, og kva som fungerer for seg.

Case

Andrea har vorte fem år. Ho gler seg mest, men gruer seg også litt til skolestart.

Andrea trivst godt med venene sine i barnehagen. Nokre av dei skal ho begynne på skolen i lag med, men dei fleste skal starte på ein annan skole.

I barnehagen ordnar dei vaksne med høyreapparata hennar, utan at Andrea treng å tenke på det. Ho veit også kven ho kan spørje, om ho ikkje får med seg alt det dei andre seier. Barna veit at Andrea har høyreapparat, men det er det ingen som bryr seg med eller snakkar om.

Andrea tenker av og til på korleis det skal bli på skolen. Veit læraren at Andrea bruker høyreapparat? Kjem ho til å høyre kva læraren seier? Ho er mest redd for om nokon kjem til å erte ho. Andrea håpar at ho får sitje saman med nokon som ho kjenner godt.

Barnekonvensjonen (PDF på regjeringen.no) stadfestar at alle barn, uavhengig av alder, har rett til å få stemma si høyrd, og at dei som arbeider med barnet, alltid skal vurdere til beste for barnet.

Artikkel 3 og 12 stadfestar barn sin rett til å bli høyrde, og at ei vurdering av barnet sitt beste er ein menneskerett for barn og ungdom.

Det er viktig å få informasjon frå foreldre og barnehage om kva som fungerer best for barnet. I vurderinga av kva som er barnet sitt beste, vil også stemma til barnet vere sentral.

Tips for å legge til rette for gode samtalar

Nokre barn har lett for å prate og seie meininga si, medan andre er meir tilbakehaldne. Her er tips til verktøy som foreldre og andre kan bruke i barnesamtalar:

Hugs å legge til rette for gode lytteforhold i samtalar med barn som har nedsett høyrsel. Sjå eksempel på tilrettelegging for å betre lydmiljøet i filmen under:

Velg variant:

Refleksjonsspørsmål