
God skolestart med nedsett høyrsel
Veileder for å sikre god skolestart for barn med høyrselstap, laga for foreldre som har valt talt språk for barna sine.
Innledning
Å starte på skolen er ei stor hending i livet. Eit nytt kapittel skal opnast. Det er viktig å legge til rette for ein trygg og god overgang frå barnehage til skole. Nokre gonger krevst det at dei vaksne rundt barnet førebur denne overgangen ekstra godt.
Barn med nedsett høyrsel er like ulike som alle andre barn. Ulike føresetnader krev ulik tilrettelegging for å sikre eit godt opplæringstilbod frå første skoledag. Nokre av tilretteleggingane som er viktige for barn med nedsett høyrsel, kan det ta tid å få på plass. Derfor er det nødvendig å starte planlegging i god tid før skolestart.
Foreldre er viktige for å trygge og motivere barn i overgangen. Det er derfor viktig at de som er foreldre, har oversikt og er trygge i overgangssituasjonen, slik at de kan vere ei støtte for barnet.
Tilrettelegging i form av tekniske, fysiske og pedagogiske tiltak er nødvendige for å sikre barn med høyrselsutfordringar eit opplæringstilbod som er likeverdig med alle andre barn. Tiltak som har fungert i barnehagen, bør bli ført vidare når barnet går frå barnehage til skole. Og skolen må vurdere behov for nye tiltak og tilretteleggingar.
Denne e-læringa er laga for at de som er foreldre til eit barn med nedsett høyrsel, og andre i laget rundt barnet, skal få innspel til kva som er lurt å tenke på og gjere for å sikre ein god skolestart. Kanskje har de spørsmål eller noko de lurer på, slik som mor til Andrea. E-læringa viser til sider der de kan lese meir om ulike moment. Gjennom e-læringa kjem det refleksjonsspørsmål som de kan grunne på eller ta opp med andre undervegs i prosessen.
Lykke til!
Innhold
-
Kva er best for barnet? Sjølv om skole er ein ny og kanskje ukjend arena for barnet, veit barnet noko om kva det liker og ikkje liker, og kva som fungerer for seg.
-
Planlegging og samarbeid For barn med funksjonsnedsettingar kan overgangar vere ekstra sårbare. Med samarbeid, planlegging og førebuing kan overgangen opplevast tryggare.
-
Laget rundt barnet Ved alle overgangar må vi sikre at informasjon blir overført frå ein arena til ein annan, og at relevant kompetanse finst eller blir bygd opp på den nye arenaen.
-
Lovverk I overgangen mellom barnehage og skole har barn med nedsett høyrsel rettar som det er nødvendig for foreldre og resten av laget rundt barnet å vere kjende med.
-
Tilrettelegging og organisering Høyrselskompetanse hos leiarar, lærarar og andre tilsette på skolen er viktig for å få til god tilrettelegging og organisering for barnet med nedsett høyrsel.
-
Kommunikasjon, samspel og deltaking Barn med nedsett høyrsel er avhengige av at miljøet, og menneska rundt dei, har forståing for og tek omsyn til føresetnadene deira.