Laget rundt barnet

Ved alle overgangar må vi sikre at informasjon blir overført frå ein arena til ein annan, og at relevant kompetanse finst eller blir bygd opp på den nye arenaen.

En gruppe glade mennesker står rundt et barn som sitter i midten sammen med foreldrene sine.

Omgrepet laget rundt barnet blir brukt om dei som samarbeider rundt eit barn med funksjonsnedsetting. Det er eit tett samarbeid mellom foreldre, barnehage og skole, PPT, helsetjeneste i kommunane og eksterne aktørar.

Meld. St. 6 (2019–2020) (regjeringen.no)

0–24-samarbeidet (0-24-samarbeidet.no)

Når mange partar er involverte i overgangsprosessen, kan det vere utfordrande å samkøyre arbeidet. Ved alle overgangar må vi sikre at informasjon blir overført frå ein arena til ein annan, og at relevant kompetanse finst eller blir bygd opp på den nye arenaen. I laget rundt barnet har ulike partar ulike roller og ansvarsområde. Eit tett og godt samarbeid er viktig for å sikre at barnet med høyrselstap får eit godt opplæringstilbod.

Samarbeidsmøte

For å førebu overgangen frå barnehage til skole er ansvarsgruppemøter eller samarbeidsmøter ein fin arena for å samle laget rundt barnet, og for å drøfte kva som er viktig for kvart einskild barn. ​Det kan også vere greit med rolleavklaringar og at ein snakkar om kva for forventningar ein har til kvarandre.

Aktuelle tema på eit samarbeidsmøte ved overgang mellom barnehage og skole kan vere:

Hugs at dersom foreldre ønsker at informasjon skal bli overført mellom barnehage og skole, så må de gje samtykke til dette.

Case

I barnehagen til Andrea har dei lydutjamningsanlegg som dei har brukt i samlingsstunder. Dei vaksne har brukt mikrofon, og på avdelinga til Andrea har dei fått til god praksis for at barna også snakkar i mikrofon når dei har samling. Denne praksisen har fungert godt for å sikre at Andrea har god tilgang på kommunikasjonsfellesskapet i samlingsstunda.​

På skolen som Andrea skal starte på, har dei inga erfaring med å bruke lydanlegg og mikrofonar. ​

Barnehagen har invitert tilsette i skolen til å observere på avdelinga for å vise praksisen sin og dele erfaringarne sine.

Kven er laget rundt barnet?

Her er eit oversyn over aktørar som kan vere involverte i laget rundt barn med nedsett høyrsel. Lista er ikkje uttømmande, då tenestetilboda kan vere ulike i ulike kommunar og fylkeskommunar. Oversynet kan vere eit utgangspunkt for å sjekke kva som gjeld der de bur.​

Barnet

Foreldra

Barnehagen

Skolen/SFO/AKS

Kommunen / pedagogisk-psykologisk teneste

NAV Hjelpemiddelsentral

Høyresentralen / øyre-nase-hals-spesialist

Refleksjonsspørsmål