Touchmetoden

Her kan du lese om korleis barn og elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, kan lære seg touchmetoden.

For elevar med synsnedsetjingar er det viktig å kunne skrive med touchmetoden. Når eleven ikkje treng å sjå på tastaturet, blir skrivinga meir effektiv og mindre anstrengande. Det vil hjelpe eleven med å fokusere meir på innhaldet og mindre på sjølve skrivinga.

Kva er touchmetoden?

Målet er å kunne skrive mens du ser på skjermen i staden for å sjå på tastaturet. Touchmetoden er ein måte å skrive på tastatur der kvar finger har faste tastar. Fingrane ligg fast plassert og blir berre flytta kort veg.

Slik plasserast fingrane:

Slik finn du dei andre tastane:

Fingrane startar på desse tastane og strekker seg til tastane over og under når du skriv. Etterpå går fingrane alltid tilbake til utgangsposisjonen, eller det som ofte blir kalla leietastane.

Tastane F og J har små merke som kan kjennast med fingrane. Desse gjer det lettare å finne rett plass utan å sjå. F og J kan gjerast endå enklare for elevar med nedsett syn å finne ved å markere dei meir synleg og taktilt, for eksempel med ein tapebit eller eit klistremerke.

Inkluderande opplæring i touchmetoden

Aktivitetar i innlæringa av touchmetoden kan gjerast i heil klasse som ein inkluderande aktivitet, for eksempel i stasjonsarbeid, som oppstartsaktivitet eller som avslutning på dagen. LK20 inneheld mål om tastaturet i norsk etter 2., 4. og 7. trinn og er dermed kompetanse alle elevar skal nå.

Her er tips til opplæringa:

Tastaturtreningsprogram

Tastaturbo

Tastaturbo er eit gratis verktøy utvikla av Statped for begynneropplæring i touchmetoden. Verktøyet er i utgangspunktet laga for elevar på barneskolen, men passar også godt for andre som skal lære å skrive med touchmetoden.

Opplæringa består av enkle øvingar som kan brukast av alle i klassen. Målet med øvingane er at eleven skal oppnå ein skrivehastigheit på 45 teikn i minuttet. Før oppstart blir det anbefalt at læraren les i rettleiaren for lærarar og set seg inn i korleis programmet blir brukt.

Tastaturbo er plattformuavhengig og kan brukast i alle nettlesarar. Det er ikkje behov for verken nedlasting eller innlogging.

TangoTouch

TangoTouch er eit program for å øve på tastaturbruk i Windows 10 og 11. Meir informasjon finst på provista.no.

Forslag til aktivitetar for å nå opplæringsmål

Sjå Udir sine forslag til opplæringsmål for tekniske hjelpemiddel: Opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemidler og mobilitet | udir.no  

Gå gjennom trinna saman med eleven, og la eleven sjølv utføre handlingane.