Afasi – praktiske råd om det å snakke saman
Rettleiaren Afasi – praktiske råd om det å snakke saman gir praktiske og enkle råd om å snakke saman med personar som har afasi.
Meir om ressursen
Dette er ein rettleiar med praktiske råd om korleis du kan snakke saman med personar som har afasi. Målet er å støtte gode samtalar der personen med afasi får moglegheit til å uttrykke seg og bli forstått.
Rettleiaren legg vekt på at innhaldet i det som blir formidla, er viktigare enn korleis det blir uttrykt. Han gir råd om korleis du kan legge til rette for samtale gjennom gode fysiske rammer, tolmod, respekt og eit samarbeidande samspel mellom samtalepartnarane.
Rettleiaren understrekar også betydninga av å sjå personen med afasi som ein kompetent samtalepartnar og å legge til rette for at kommunikasjonen kan skje på fleire måtar, for eksempel gjennom tale, gestar, skriving eller teikning.
Rettleiaren er laga for deg som er samtalepartnar til ein person med afasi, for eksempel pårørande, helsepersonell eller andre som møter personar med afasi i kvardagen.
Rettleiaren gir praktiske råd om korleis du kan støtte samtalar med personar med afasi. Han tar blant anna opp betydninga av gode samtalerammer, aktiv lytting, samarbeid i samtalen og bruk av ulike kommunikasjonsformer, som gestar, skriving, teikning og kroppsspråk.