God start
God start er eit kurstilbod for foreldre til barn i alderen 0–3 år med nyoppdaga høyrselstap.
Kurset
- gir ei grunnleggande innføring i høyrselstap, kommunikasjon, samspel og språkutvikling
- har fokus både på talespråk og teiknspråk
- legg til rette for nettverksbygging og erfaringsutveksling
- gir grunnleggande innføring i teiknspråk
Her kan du lese meir om teiknspråklege tenester frå Statped.
Gjennomføring
God start er ei kursrekke med seks samlingar. Kursa går over to år med tre samlingar per år. Statped arrangerer samlingene på ulike stader i lander. Familiar får tilbod om kurs der det er meste hensiktsmessig.
Statped dekker overnatting og mat i løpet av opphaldet for tilreisande som har over seks mil reiseveg til kursstaden, og skyss mellom overnattingsstad og kursstad. Vi dekker ikkje utgifter til reise. Foreldre må sjølv avklare om bustadkommunen deira dekker dette.
Slik går du fram
Det er PPT som søker Statped om at foreldre kan delta på God start. Bruk Statped sitt søknadsskjema for barn i barnehagealder.
- Barnet må ha fått påvist eit høyrselstap før PPT kan søke om plass på kurset.
- Deltakarar på God start har rett til opplæringspengar frå Nav (nav.no opnast i ny fane). Foreldre må sjølv informere arbeidsgivarane sine om planlagt fråvær medan dei er på kurs.
Stønad og rettar ved tenester
Foreldre som følger barn til utgreeing eller deltar på kurs hos Statped, kan ha rett til permisjon og ulike stønader.