Overgang mellom aktivitetar
Slik legg du til rette for smidige overgangar mellom aktivitetar så barn og elevar med kombinerte sansetap kan forstå kva som skal skje vidare.
Daglege overgangar kan vere mellom heim og barnehage/skule, rom og bygg eller i leik, læringsaktivitet og helsestell.
Legg til rette individuelt
Kombinerte sansetap varierer mellom barn og elevar.
- Bli kjent med barnet/eleven sine behov, evner og preferansar.
- Finn ut av kva slags sansetap som er størst, og kva slags sanserestar barnet eller eleven kan spele på.
- Ver merksam på korleis sansetap og sanserestar kan samverke, og på kognitive og språklege ferdigheiter.
Sørg for sjølvråderett
Gi kvart barn eller elev mest mogleg kontroll.
- Bruk taktile signal når barnet eller eleven ikkje ser eller høyrer. Ei lett berøring på skulder eller arm (nøytrale område) kan signalisere ein overgang.
- Utnytt lyd, lys og vibrasjonar viss barnet eller eleven ser eller høyrer litt. Klokker eller armband med lysblink eller vibrasjon kan støtte opp om eit aktivitetsbyte.
- Spar på sanserestane. Utnytt til dømes lukt og smak, men ikkje overforbruk desse sansene. Den taktile sansen er mest effektiv.
Planlegg overgangar systematisk
Sørg for at alle aktivitetar har ein tydeleg start og slutt. Faste strukturar som barnet eller eleven kan kjenne att, er trygge og føreseielege.
- Informer tydeleg. Bruk taktile signal og symbol, teiknspråk eller tydeleg skriftleg kommunikasjon, også punktskrift.
- Gi visuell og taktil støtte. Bruk fysiske objekt, symbol og konkretar eller taktile hjelpemiddel. Eitt taktilt symbol representerer éin konkret aktivitet. Ta i bruk ein konkret og gi tilgang og tilvenning. Å kjenne på ein trekant i ei hempe på skulesekken kan til dømes brukast for å markere overgang frå barnehage/skule til heim, eventuelt saman med å ta på sko.
- Etabler ritual og rutinar. Reduser angst og stress og unngå overstimulering ved å gjenta aktivitetar og overgangar. Då vil barnet eller eleven vite kva overgangen består av, og kva som kjem. Start og avslutt gjerne ein aktivitet med same sang, og understøtt med taktil berøring.
Ver tålmodig
Barn og elevar må forstå og finne nytte og meining i alle aktivitetar og overgangar.
- Sett av ekstra tid. Utan tilstrekkeleg tid kan ikkje barn og elevar med kombinerte sansetap delta og lære.
- Tilrettelegg gradvise overgangar. Då kan barnet eller eleven førebu seg fysisk og mentalt på neste aktivitet.
Tilpass miljøet og bruk ein som følgjer barnet/eleven
Aktivitetsbytte blir lettare med visuelle og taktile markeringar i riktig høgde, faste plassar for aktivitetar og ryddige gulvflater.
- Gjer omgivnadene tilgjengelege så det er lett å flytte seg mellom aktivitetar. Tynne og tjukke teppe med god avstand imellom kan gi eit taktilt grunnlag for overgangar (kjenne skilnad med føter/rullestolshjul).
- Bruk ein som følgjer barnet/eleven, til å rettleie mellom aktivitetar, både fysisk og gjennom kommunikasjon.


