Kommunikasjon

Denne teksten handlar om korleis samtale kan gjerast lettare for deg med afasi og samtalepartnar.

Afasi fører i større eller mindre grad til vanskar med å forstå det som blir sagt, og å kunne uttrykke seg munnleg og skriftleg. Dette fører ofte til at både du som har afasi og dei du snakkar med kan oppleve at samtalar blir utfordrande. Sjølv om kommunikasjonsvanskane varierer frå person til person er det likevel fleire generelle tilpassingar i samtale som kan vere nyttige. 

Støtta samtale for vaksne med afasi (SSA)

Støtta samtale er ein metode for å betre samtalar for deg med afasi. Metoden fokuserer på at samtalepartnar lærer seg strategiar for å gjere kommunikasjonen lettare. Samtalepartnar har såleis ansvaret for å støtte deg slik at du får uttrykt deg, og lettare forstår kva samtalepartnar formidlar. Dei tankemessige og sosiale evnene er oftast ikkje påverka av afasi, men det er ein risiko for at afasi skjuler kunnskapen, personlegdommen, tankane og kjenslene dine. Det er viktig at samtalepartnar synleggjer evnene dine i samtale, og at de deltar som likeverdige i samtalen. Det krev at begge får sjansen til å uttrykke seg.

Støtta samtale er ei multimodal tilnærming. Det vil seie at både du og samtalepartnar oppfordrast til å bruke fleire kommunikasjonsformer. Målet er at de forstår kvarandre uavhengig av kva måte det blir formidla på. Eksempel på bruk av andre kommunikasjonsformer i samtale kan vere:

Samtalepartnar bør vere bevisst på eigen kommunikasjon. Nyttige råd kan vere:

God tid

Det er vanleg at det tar lenger tid for deg med afasi å uttrykke deg. Det er også vanleg at det tar lenger tid både for deg og samtalepartnar å forstå kvarandre. Difor er det viktig å sette av god tid til samtalar. Nokre gongar forstår ein ikkje kvarandre. Samtalen blir sett på prøve, og av og til må ein akseptere at samtalen er vanskeleg. Då kan det vere betre å ta ei pause og gå vidare til neste tema.

Fysiske omgjevnadar

Dersom det er forstyrringar i rommet kan det hemme samtalen. Tidlegare opplevde du gjerne ikkje vanskar med å ha ein samtale samtidig som radioen stod på. No er det kanskje derimot vanskeleg å sile ut lyd. Samtidig krev det full konsentrasjon å halde ein samtale for deg med afasi. Det er difor viktig å unngå alle former for bakgrunnsstøy. Skru av tv, radio og liknande. Det kan også vere utfordrande å delta i samtalar med fleire personar. Difor kan det også vere hensiktsmessig å snakke med ein eller få personar om gongen. I samtalen bør de sitte eller stå overfor kvarandre, då du som har afasi ofte kan ha nytte av å sjå munnbevegelsane til samtalepartnar.