Aktivitetsbasert læring
I denne videoen får du ei innføring i aktivitetsbasert læring. Vi kan sjå på læring som noko som skjer i alle aktivitetar og situasjonar.
Gjennom dei daglegdagse aktivitetane kan du jobbe breitt med ulike typar læringsmål som gir meining. Ein og same aktivitet kan innehalde fleire læringsmål. Det kan vere
- kommunikasjon
- nærleik og samkjensle
- verdsett sosial rolle
- eigenomsorg
- praktiske ferdigheiter
- fysisk fungering
- skolefaglege mål
Kva aktivitetar inngår i kvardagen til eleven din? Korleis kan du knyte ulike læringsmål til denne aktiviteten?
Aktivitetane på timeplanen har potensial for læringsmål. Dersom læringsmåla er dei som er nemnde over, kan opplæringsplanen innehalde
- aktiviteten (ei kva som helst handling med ein start, eit innhald og ein slutt)
- det moglege læringsutbyttet av aktiviteten (læringsmål)
- beskriving av korleis aktiviteten blir gjennomført
Kreativitet og engasjement trengst for å skape heile skoledagar med meining, både for læraren og eleven.

