Møblering og nedsett høyrsel
Møblering og nedsett høyrsel dreier seg om korleis ein elev oppfattar og får med seg kva som skjer i eit klasserom.
Møblering og nedsett høyrsel kan handle om at ein elev berre kan sjå bakhovudet og ikkje ansikta på dei andre elevane i klassen.
Filmen om møblering og nedsett høyrsel syner enkel tiltak for å rette på dette.
Det lettaste er å setje elevane i ein hestesko. I filmen kan du sjå korleis dei gjer dette i Amandus sin klasse.
Men å sitje på same måten i ti år er ikkje særleg forlokkande for nokon. Så du som er lærar, blir nok nøydd til å variere litt.
Det kan hjelpe å ha ein svingstol slik filmen syner at Julian har. Med den kan Julian lett snu seg rundt, sånn at han ser eleven som snakkar i klasserommet.

Slik legg du til rette i klasserommet
Har du ein elev med nedsett høyrsel i gruppa di? Dette bør du vere medviten om når du underviser.


