Slik legg du til rette i klasserommet
Har du ein elev med nedsett høyrsel i gruppa di? Dette bør du vere medviten om når du underviser.
Noko av det du bør tenkje på når du har fått ein elev med nedsett høyrsel, er plasseringa av eleven i undervisningsrommet.
Sørg for
- god sikt og gode lystilhøve – eleven er i mange tilfelle avhengig av synet for å få med seg det som blir sagt – unngå derfor motlys
- at eleven har nærleik til lydkjelda/lydkjeldene
- at eleven har ein stol med sete som kan snuast på, då dette kan bidra til mindre belastning for skuldrer og nakke – dette gjer det lettare for eleven å følgje dialogen i undervisninga
- å inkludere eleven i tilrettelegginga
Snakk med eleven om kva som fungerer og ikkje, slik at de kan gjere justeringar saman. Særleg når de byter plassar. Det er viktig at den aktuelle eleven får flytte plass som dei andre, men forsøk å ta med eleven sitt høyrselstap i vurderinga av formålstenlege plasseringar.
Dersom det er praktisk gjennomførbart, kan hesteskoformasjon vere eit godt oppsett i undervisningsrommet. Då er det lettare å ha oversikt over kven som snakkar.

Visste du at
Evnen til å oppfatte kva som blir sagt, blir svekt med fem prosent berre på éin meters avstand, og heile 40 prosent på åtte meters avstand. I ein undervisningssituasjon er det derfor svært viktig å planleggje for kor både eleven og læraren er plasserte i rommet.
Struktur og føreseielegheit
Å ha eit sansetap kan vere veldig energikrevjande. Tydelegheit, føreseielegheit og klåre rammer gjer at eleven kan bruke energien til læring, framfor å orientere seg om kva som skjer gjennom skulekvardagen.
Ver ekstra nøye når du gir beskjedar. Sørg for at eleven faktisk har oppfatta det som har blitt sagt. Det er ikkje uvanleg at elevar maskerer at dei strevar med noko, ved å imitere åtferda til medelevane.
- Gjennomgå dagsplanen i plenum kvar dag, og ha han hengjande i klasserommet, uansett alder på elevane.
- Gå gjennom kva som skal skje når, og hven som skal vere med elevane.
- Skriv ned aktuell informasjon, oppgåvenummer, sidetal og liknande slik at det er tilgjengelig sjølv etter at beskjeden er gitt.
- Bruk visuell støtte så mykje som mogleg. Snakkar du om ei bok eller eit oppgåveark – hald det opp framfor klassen. Nytt deg av konkretar, sjølv for dei eldre elevane.
Sørg for gode rutinar for informasjonsutveksling med dei tilsette på skulefritidsordninga, dersom eleven går på SFO. Om det har vore nokre uheldige hendingar i løpet av dagen, er det spesielt viktig at SFO får informasjon om dette.
Pausar
Det er svært energikrevjande å delta i felleskapen for elevar med nedsett høyrsel, då dei må kompensere for sansetapet sitt. For mange elevar er det nødvendig med pausar i løpet av skuledagen.
Dette kan løysast på fleire måtar:
- Involver eleven i korleis pausane skal leggjast opp.
- Vurder om det er formålstenleg at pausane er timeplanfesta.
- Avtal med eleven at han eller ho lett kan gi teikn til læraren når han eller ho treng ein pause. Til dømes kan eleven vise eit avtalt teikn for å ta seg ein kort pause.
- Pausar kan vere alt frå å gå ein tur i gangen, hente skulemjølk, lese i ei bok, til å kvile på eit stillerom.
Formålet med pausane er å gi eleven eit avbrekk frå lydmiljø og kommunikasjon. Dette gir moglegheit til å hente seg inn att, og dermed få meir overskot til resten av dagen. Hugs å leggje til rette for pausar også på annleis-dagar – desse dagane kan opplevast ekstra krevjande.
Planlegg friminutt
Friminutt og andre litt meir ustrukturerte aktivitetar kan vere utfordrande for elevar med høyrselstap fordi både mye lyd og rørsle blir støyande og gjer det meir utfordrande å høyre kva som blir sagt. Det kan lett oppstå misforståingar, og eleven kan gå glipp av aktivitetar som medelevane planlegg.
Det kan vere nyttig å organisere nokre planlagde aktivitetar som de går gjennom i forkant av friminuttet, slik at elevane har moglegheit til å velje aktivitet før dei går ut. Dette kan vere med på å redusere misforståingar og kan bidra til betre samspel og leik. For ein elev med nedsett høyrsel kan det vere vanskeleg å få tilgang til reglane undervegs i leiken. Det kan gjere det lettare å vere ein aktiv deltakar om aktivitet og reglar er avtalte på førehånd, noko som i tillegg kan vere konfliktdempande for helie gruppa.
Gjer lydutjamningsanlegget til klassen sitt
Lag gode rutinar for å bruke lydutjamningsanlegg, og skap eit miljø der både lærarar og elevar alltid bruker anlegget, uavhengig av om eleven med høyrselstap er til stades eller ikkje.
Lag eigne reglar og rutinar for å bruke anlegget, noko som kan laminerast og bli hengt opp godt synleg i nærleiken av anlegget. Då veit alle kva som gjeld – også vikarar eller besøkjande. Sørg for at alle vaksne som skal inn i klassen, veit kvifor og korleis anlegget brukast. Dette skal aldri være eleven sitt ansvar.
Tips til lærar
- Stå i ro, med andletet mot elevane når du snakkar.
- Ikkje bla i papir eller gjer andre ting som lagar lyd samstundes med at du snakkar.
- Ver tydeleg i å styre ein samtale. Kven som har ordet, må vere tydeleg for alle.
- Skap forståing i gruppa for at éin snakkar om gangen.
- Repeter spørsmål og det eleven seier. Bruk namn «Ola spurte om…». På det viset sikrar du at alle i klasserommet oppfattar kva som blir sagt, og kven som seier kva.

Har du noen spørsmål?
Hos spør oss-tjenesten kan du drøfte og få råd i spesialpedagogiske spørsmål. Vi retter oss først og fremst mot PP-tjenesten, men du kan også ta kontakt om du jobber i barnehage eller skole. Er du foresatt, kan vi hjelpe deg med å finne fram i det spesialpedagogiske støttesystemet.


