Støyskjerming og nedsett høyrsel
Støyskjerming og nedsett høyrsel handlar om at støy er meir slitsam viss ein elev har nedsett høyrsel og bruker høyreapparat.
I filmen om støyskjerming og nedsett høyrsel får du sjå Julian. Han er ein elev med nedsett høyrsel, og han bruker høyreapparat.
Av og til har Julian med seg ein kompis på eit grupperom. Då får han pausar frå støyen som elevar og lærarar naturleg har rundt seg på ein skole.
Fleire tiltak for støyskjerming
Veldig mange støykjelder kan enkelt reduserast når du berre er klar over dei. Her er døme på nokre støydempande tiltak:
- Hald vindauge og dører lukka i undervisninga.
- Nye tetningslister på vindauge og dører kan bidra til å redusere støy utanfrå.
- Tennisballar/knottar på stolbein reduserer støy når dei skrapar mot golvet.
- Filtknottar på skapdører/skuffer dempar lyden når dei blir lukka.
- Tekstilar på vegger og/eller golv bidreg til å redusere støy.
- Tekstil dempar lyd, og kan brukast på fleire ulike måtar. Gå gjennom klasserommet og sjå om det er noko de kan erstatte med mjukare materiale. Å erstatte plastkassar til utstyr med kassar i filt eller stoff er eit enkelt tiltak som vil gi stor effekt. Dersom det ikkje er mogleg å erstatte kassen, går det an å feste filtknottar på undersida og leggje filt/stoff i botnen av kassen.
Leikeområde for yngre elevar bør ha teppe på golvet for å redusere lyd frå harde materiale. Kan du byte ut nokre av møbla med stoffmøbel, eller bruke tekstil på andre måtar i undervisningsrommet?

Hvordan redusere støy?
For at en elev med nedsatt hørsel skal oppfatte det som blir sagt i undervisningen er det avgjørende å redusere støy.


