Læreplanar i statistikk og matematikk for økonomi
Statped har kome med innspel knytt til kva som påverkar elevar som bruker punktskrift.
Høyring av læreplanar i statistikk og matematikk for økonomi (erstatning for matematikk S)
Utdanningsdirektoratet
Kommentarar eller forslag til endringar
Fleire av kompetansemåla i den foreslåtte læreplanen stiller eksplisitte krav til bruk av digitale verktøy.
Vi er bekymra for at dette i praksis vil innebere at elevar som bruker punktskrift, ikkje har reelt høve til å oppnå og/eller vise same kompetanse som sjåande elevar. Vi erfarer at digitale verktøy som blir brukte i matematikk og statistikk ikkje fullt ut kan brukast med skjermlesar. Det gjeld spesielt:
- Interaktive element som dynamiske grafar
- Gjengivelse av matematikkuttrykk
- Mulighet for å navigere med tastatur/hurtigtastar
- Manglande tilbakemelding i form av tekst
For at elevar som bruker punktskrift og skjermlesar skal ha likt høve til måloppnåing, meiner vi kompetansemåla må formast ut slik at dei kan nåast ved bruk av digitale verktøy som er universelt utforma. Det kan gjerast både ved å endre måla, eller å leggje inn forklarande tekst som oppmodar til bruk av verktøy som tilfredsstiller krav til universell utforming.
Eksempel på kompetansemål i Læreplan i statistikk:
- forstå at sannsyn frå kontinuerlege variablar er arealet under tettleiksfunksjonen, og bruke digitale verktøy til å rekne ut areala Forklaring kompetansemål: Det forventes ikke at elevene kan integralregning.
Eksempel på kompetansemål i Læreplan matematikk for økonomi:
- bruke digitale verktøy til å bestemme og utforske stigningstal, ekstremalpunkt, vendepunkt og konkavitet for samansette funksjonar og gi ei praktisk tolking av desse
- bestemme og utforske profitt som funksjon av pris ved hjelp av digitale verktøy
- Forklaring kompetansemål: En kan utforske profitt som funksjon av kvantum ved å plotte funksjonen, og se fra grafen hva som lønner seg.
- bruke digitale verktøy til å utforske tilbods- og etterspurnadskurver og beskrive og utforske samanhengen mellom tilbod, etterspurnad og overskot for konsument og produsent
Eksempel på vanlege digitale verktøy og tilgjengelegheita deira for elevar som bruker punktskrift:
- Rekneark (Excel/Google Sheet): Eigna for tabellar og berekningar. Ikkje eigna for visuelle representasjonar
- Geogebra: Grafar og matematiske uttrykk er ikkje tilgjengeleg for skjermlesarbrukarar.
- Desmos: Dette er alternativet som er mest tilgjengeleg for elevar som bruker punktskrift. Har skjermlesarstøtte, god tastaturnavigasjon og moglegheit for lydattgiving. Matematikkuttrykk blir gitt att i ein punktskriftnotasjon som ikkje samsvarer med den som blir nytta i Noreg.
Som det kjem fram av lista over, er Desmos det mest tilgjengelege digitale verktøyet for elevar som bruker punktskrift. Utfordringa med Desmos er at ho manglar mange av funksjonane som finst i Geogebra. Det er òg ei ulempe at matematikkuttrykk blir gitt att i ein punktskriftnotasjon som ikkje samsvarer med den som blir nytta i Noreg.