Begynner barnet mitt å snakke snart?
Rettleiaren gir ei innføring i korleis språk vanlegvis utviklar seg hos barn, forklarer kva ASK er, og korleis ASK kan brukast for å gi barn fleire moglegheiter til å uttrykke seg.
Meir om ressursen
«Begynner barnet mitt å snakke snart? Ikke vent og se!» er ein rettleiar for foreldre og føresette til barn som av ulike grunnar ikkje har talespråk som sin måte å uttrykkje seg på.
Enkelte medfødde tilstandar fører til at barn kjem seint i gang med å snakke, andre får utydeleg tale, og nokre barn utviklar ikkje funksjonelt talespråk. Dette gjeld barn med fleire ulike diagnosar.
Barn som ikkje har ein kjend diagnose, kan også ha vanskar med talespråket. Barn, unge og vaksne kan på grunn av sjukdom eller ulykke miste evna til å snakke.
Dette er ein rettleiar om språkutvikling hos barn og om korleis alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) kan støtte barn som har vanskar med talespråket. Rettleiaren gir ei innføring i korleis språk vanlegvis utviklar seg hos barn, forklarer kva ASK er, og korleis ASK kan brukast for å gi barn fleire moglegheiter til å uttrykke seg. Målet er å gi foreldre og andre nærpersonar kunnskap om språkutvikling og råd om korleis dei kan støtte kommunikasjonen til barnet.
Finst på desse språka: bokmål, nynorsk, nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
Rettleiaren vender seg først og fremst til foreldre og andre nærpersonar, men kan også brukast av tilsette i barnehagar og andre som følger opp språkutviklinga til barn.
Rettleiaren beskriv sentrale sider ved språkutviklinga hos barn, forklarer kva ASK er, og gir eksempel på kommunikasjonsformer og hjelpemiddel som kan støtte eller erstatte tale. Han inneheld også råd om korleis foreldre og andre kan støtte språkutviklinga til barnet i kvardagen.
