Nytt nettverk for teiknspråk i barnehagane
Barnehagar som har teiknspråklege barn, kan no delta i eit digitalt nettverk for teiknspråk frå Statped. Nettverket deler erfaringar, byggjer kompetanse og sikrar barna betre tilgang til norsk teiknspråk.

– Barnehagelærarar som har ansvar for teiknspråklege barn, står ofte åleine. Nettverket for teiknspråk gir dei høve til å møtast, dele erfaringar og få fagleg påfyll, seier avdelingsleiar Aina Therese Fossum i Statped.

Tilbodet rettar seg i første omgang mot barnehagar som får tenester frå Statped. Eksempel er kurstilbodet «Se mitt språk» eller rådgivingstenester.
Nettverket skal vere ein trygg arena for å drøfte alt frå språkutvikling til praktiske tips i kvardagen.
Statped ønskjer at barnehagelærarar som er med i nettverket, lettare kan fremje tidleg tilgang for teiknspråklege barn til eit teiknspråkleg miljø med jamnaldrande.
– Vi ønskjer å skape eit fellesskap der barnehagelærarar kan lære av kvarandre og kjenne seg tryggare i rolla som språkmodellar for barna, legg Fossum til.
Digitalt – med rom for dialog
Samlingane skjer på Teams fire gonger i året, og det er sett av tid til samtalegrupper. – Vi ser at behovet for å snakke saman og utveksle erfaringar er stort. Derfor legg vi inn tid til dialog, fortel Fossum.
I tillegg planlegg Statped ei fysisk samling for nettverket annakvart år. – Då vi etablerte nettverket, starta vi med ei slik samling, seier Fossum.
Nettverket vil òg dele fagressursar og tips til korleis barnehagelærarar kan integrere teiknspråk i leik og rutinar. Slik kan barna få eit rikt teiknspråkmiljø i barnehagen.
Stor interesse – stort engasjement
Interessa er stor, òg frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og lokale fagsenter.
– Behovet er stort. Barnehagelærarane er engasjerte i å byggje robuste fagmiljø rundt barna, slik at dei får tidleg tilgang til norsk teiknspråk, understrekar Fossum.
Statped håpar nettverket vil styrkje bruken av norsk teiknspråk i barnehagane og auke kompetansen til barnehagelærarane. Nettverket er òg ein arena for å fange opp behov for teiknspråklege læremiddel og læringsressursar.
– Språk er grunnlag for livet. Jo tidlegare desse barna får tilgang til teiknspråk, desto betre for framtida deira, fastslår Fossum.
Vil du delta i nettverket?
Send ein e-post til [email protected] eller [email protected].

