Kompetanseutvikling
Statped tilbyr kompetanseutvikling til kommunar, fylkeskommunar, organisasjonar og andre som ønsker å styrke arbeidet sitt for barn og elevar med varige og omfattande behov.
Kompetanseutvikling er ikkje knytt til eitt bestemt barn eller éin bestemd elev, men har som mål å utvikle kompetanse og praksis hos fagpersonar, i tenester og hos leiing i barnehage, skole og andre relevante institusjonar.
Kva er kompetanseutvikling som teneste?
Statped kan tilpasse kompetanseutvikling både til enkeltinstitusjonar og større einingar som kommunar og fylkeskommunar. Innhald og omfang tilpassar vi til lokale behov, til dømes
- kurs og foredrag med fagleg innhald knytt til Statpeds område
- felles læringsprosessar i barnehagar, skolar eller kommunar
- støtte til å utvikle praksis, som å skape inkluderande læringsmiljø
- rettleiing og refleksjon i profesjonsfellesskap
Kompetanseutvikling bygger på kunnskapsbasert praksis. Vi formar tenester saman med søkar. Målet er å bidra til varig kompetanse og betre praksis.
Kven kan få bistand?
Statped tilbyr kompetanseutvikling til
- kommunar og fylkeskommunar (inkludert barnehagar, skolar og PPT)
- brukarorganisasjonar
- Nav
- spesialisthelsetenesta
- andre relevante samarbeidspartnarar
Det er pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) som søker på vegne av kommunar og fylkeskommunar. Andre aktørar gjer avtale direkte med Statped.
Slik går du fram
Vi tar ikkje betalt for tenester retta mot
- kommunale og fylkeskommunale verksemder
- brukarorganisasjonar
- Nav
- spesialisthelsetenesta
