Deltidsopplæring i og på norsk teiknspråk
Statped tilbyr deltidsopplæring i eit teiknspråkleg miljø til elevar på 1.−10. trinn som har vedtak om norsk teiknspråk etter opplæringslova § 3-4.
Deltidsopplæringa gis i form av vekeslange opphald spreidd gjennom året. Kvar veke er satt saman av nokre fag og kompetansemål frå læreplanverket. Opplæringa skjer i tråd med opplæringslova og vedtak som elevane har. All undervisning skjer på norsk teiknspråk uavhengig av om elevane har § 3-4 i teiknspråk eller § 3-4 i og på norsk teiknspråk.
Deltidsvekene er fysiske samlingar der elevane utforskar tema i utvalde fag. Undervisninga går føre seg på norsk teiknspråk. Målet er at elevane skal bli trygge, tospråklege språkbrukarar med norsk teiknspråk og norsk.
I tillegg til deltidsveker tilbyr Statped fjernundervisning kvar uke i norsk teiknspråk.
Fjernundervisninga er
- digital undervisning med lærarar og andre elevar frå deltidsopplæringa
- ein arena for å praktisere norsk teiknspråk og halde kontakt mellom deltidsvekene
Statpeds deltidsopplæring tilbyr seks veker saman med elevar på same trinn, men gir moglegheit til å søke om alt frå ein til tolv veker i skuleåret.
Opplæringstilbodet til eleven skal alltid utformast med utgangspunkt i kva som er til beste for barnet. Når Statped gir deltidsopplæring som teneste, kan eleven ha behov for tett oppfølging frå eigen bustadkommune for å sikre eit forsvarleg og heilskapleg opplæringstilbod.
PPT må derfor vere innforstått med at kommunalt følge kan vere nødvendig for at eleven skal få eit tilbod som varetek både faglege, sosiale og utviklingsmessige behov. Eit godt samarbeid mellom Statped, PPT og bustadkommunen er avgjerande for at eleven skal få eit opplæringstilbod som er trygt, samanhengande og tilpassa føresetnadene til barnet.
Slik går du fram
Det er pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) som søker Statped om deltidsopplæring, teiknspråkleg barnehagetilbod, søskentilbod og å delta på kurs for foreldre (Se mitt språk). Bruk søknadsskjemaet vårt for teiknspråklege tenester.
Samarbeid med bustadskolen
Statpeds deltidsopplæring er eit supplement til teiknspråkopplæring som eleven får på bustadskolen. På deltidsopplæring i Statped får eleven ein lærar som har ansvar for å samarbeide med læraren på bustadskolen slik at opplæringa heng godt saman.
Statped og bustadskolen har felles ansvar for å sikre eit godt samarbeid.
Deltidseleven sine lærarar ved bustadskolen blir i tillegg invitert til å delta i eit digitalt lærarnettverk. Der kan lærarane drøfte og utveksle erfaringar knytt til opplæringa. Dei kan også få støtte til kompetanseutvikling i ulike tema som handlar om teiknspråkopplæring.
Kurs for foreldre og søsken
Kurs til foreldre og søsken tilbys nokre av vekene det tilbys deltidsopplæring. Det kan væra frå ein til fire veker i skuleåre


