Til hovedinnhold

Personvernerklæring

Sjå korleis Statped behandlar personopplysningar om deg som bruker tenestene våre, og korleis vi tek omsyn til personvern og rettar.

Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg som person. Statped følger personvernregelverket og skal behandle alle personopplysningar på ein lovleg og sikker måte.

Om personvern i Statped

Område for personvern

Personvernombod

Statped er ei offentleg verksemd med eige personvernombod.

Personvernombodet kan hjelpe deg med spørsmål om

  • Statpeds behandling av personopplysningane dine
  • korleis vi vernar opplysningar om deg i registra våre
  • kva for rettar du har i samsvar med personvernlovgivinga
  • å få råd
  • innsyn i eigne personopplysningar
  • å rette feil i opplysningar vi har om deg

Personvernombodet har teieplikt, men kan hjelpe til med å bringe saka di vidare i Statped om ønskjeleg.

Du kan kontakte personvernombodet vårt på e-postadressa personvernombud@statped.no.

Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast på e-post eller via SMS, men kan utvekslast munnleg eller ved å bruke sikker e-post.

Datatilsynet er ein annan instans som kan hjelpe til i saker om personvern. Sjå meir informasjon om rettane dine hos Datatilsynet – personvern og informasjonstryggleik (datatilsynet.no).