Kommunikasjon i opplæring og aktivitet

For å sikre at ASK-språklege kan delta, medverke og lære, er det nødvendig at du er medviten om korleis du kan leggje til rette, og at du har kunnskap om å bruke ASK i leik og aktivitet.

ASK-språklege i barnehage, grunn- og vidaregåande skule, og vaksenopplæring har rett til å bruke og få opplæring i kommunikasjonsforma si. Som alle andre  har dei rett til tilpassa opplæring, medverknadog deltaking i eit inkluderande miljø. 

Kommunikasjonsforma er den ASK-språklege sitt språk og gjer det mogleg å få desse rettane oppfylt. Vurdering, opplæring og forventningar må tilpassast slik at eleven får reelt høve til å bruke og utvikle språket sitt i møte med fag og fellesskap.

Språkleg deltaking i læring og sosiale aktivitetar

Når du skal sikre språkleg deltaking, må du leggje til rette for at kommunikasjonspartnarar (personale og jamaldringar) får lære korleis dei skal kommunisere med den ASK-språklege. Dei må kunne den ASK-språklege sin kommunikasjonsform  og forstå at hen  treng tid til å uttrykke kva hen  vil seie. 

Vidare må du sikre at den ASK-språklege får tilgang til og opplæring i eit ordforråd som gjer det mogleg å kommunisere om tema i det ordinære opplæringstilbodet, og som:

Kompetansen til dei tilsette

Tilsette som får ansvar for opplæringstilbodet til ASK-språklege, må ha ASK-kompetanse og kunnskap om ferdigheitene til den ASK-språklege for å tilpasse opplæringa. Kompetansen må vere på plass frå dag éin. Informasjon om den ASK-språklege må innhentast på førehand.

Dei tilsette må anerkjenne at ASK er språk, og at opplæring i og bruk av bruk ASK er nødvendig for at den ASK-språklege skal få utnytte dei ibuande ressursane sine fagleg og sosialt. Dei må bruke kommunikasjonsforma til den ASK-språklege på eit høgare nivå enn den ASK-språklege meistrar sjølv og ha kunnskap til å vurdere kva den ASK-språklege kan, og kva som er realistiske opplæringsmål.

Ein må og bruke pedagogiske tilnærmingar som gir gode læringsvilkår for den ASK-språklege.

Ansvarsfordeling 

Pedagogar som skal leggje til rette for ASK-språklege, har ansvar både for å planleggje dei pedagogiske opplegga for alle i klassen/gruppa, og for å førebu og gjere tilgjengeleg ordforråd på kommunikasjonsforma til den ASK-språklege. Dette må det setjast av tid til. Her er nokre konkrete ansvarsoppgåver som må fordelast blant dei tilsette:

For å lykkast med dette må leiinga setje av tid og ressursar til personalet.

Tid

Det er mange ting som kan stele tid frå sosiale og faglege læringssituasjonar når ein er ASK-språkleg og har andre funksjonsnedsetjingar i tillegg. Gjennom heile utdanningsløpet må det takast gjennomtenkte avgjerder:

Vala som blir tekne i dag, har noko å seie for framtida. Når du legg til rette for at ASK-språklege får bruke og utvikle språket sitt, gir du òg moglegheit for fagleg vekst, sosial deltaking og eit liv med reelle valmoglegheiter.  

Velg variant:
Last ned støtteark til webinaret:
Kvinne taster på mobil

Usikker på noe?

Statpeds spør oss-tjeneste er et lavterskeltilbud for deg som trenger råd om spesialpedagogikk. Vi snakker mest med folk i PP-tjenesten, men barnehager, skoler og andre kan også ta kontakt. Er du foresatt og lurer på hvordan støttesystemet fungerer, hjelper vi deg gjerne.