Støtte til språkutvikling for ASK-språklege

Denne artikkelen er for deg som skal legge til rette for språkutviklinga til ASK-språklege som forstår, og brukar, meir enn 50 grafiske symbol eller handteikn (teikn-til-tale).

Vurder eigen praksis og konkretiser tiltak om du er lærar kring ASK-språklege. Barn og elevar som bruker alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), er ASK-språklege.

Støtt språkutviklinga

Ein ASK-språkleg må ha tilgang til språket sitt overalt, og kommunikasjonsforma må vere eigna.
Om den ASK-språklege kommuniserer med grafiske symbol, må du samle ordforrådet i kommunikasjonsbøker på papir eller i ei talemaskin. Tematavler og enkeltsymbol er ikkje tilstrekkeleg fordi den ASK-språklege ikkje får tilgang på eit ordforråd som er stort nok og tilgjengeleg heile tida.
Språkutvikling skjer gjennom at du

For å støtte språkutviklinga er det viktig at ASK-språklege får tilgang til nye ord. I tillegg treng du mellom anna å gi dei erfaring med og opplæring i

Ta utgangspunkt i noverande språkleg utviklingsnivå

Start med å finne ut kvar den ASK-språklege er i språkutviklinga si.
Det gjer du ved å kartlegge språkforståing på norsk og eventuelt på morsmål, samt kva teikn eller grafiske symbol den ASK-språklege forstår og brukar. Systematisk observasjon av den ASK-språklege i kommunikasjonssituasjonar kan gje deg svar på noko av dette.

Vidare vil det vere behov for formell kartlegging av språk og eventuelt kognitivt nivå. Ta kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for å få støtte.

Utvid ordforrådet

ASK-språklege er avhengige av at du har lært dei teiknet (TTT) eller gitt dei tilgang til det grafiske symbolet viss dei skal kunne bruke ordet. Dei treng ord som gjer det mogeleg å delta i samtaler, påverke livet og lære noko nytt.

Det kan for eksempel vere om morgonen heime, i barnehagen, på skolen, på jobben eller på fritida. Det er framleis viktig å sikre at ASK-språklege får snakke om tema som betyr noko for dei sjølv. Då går læringa lettare.

På bakgrunn av kartlegginga må ASK-språklege få tilgang til kvardagsord, akademiske ord, ord som dei kan og ikkje kan, og ord som gjer at dei kan uttrykke setningar. Det krev at dei må bli vist kor dei finn orda i kommunikasjonsmiddelet, og få erfaring med korleis dei kan bruke orda i ulike situasjonar.

  • Viss Ola skal snakke om fotballkampen i går, bør han kunne seie «i går var eg på fotballkamp», og han treng ord som sparke, nikke, skore, hardt, dårleg eller idiot.
  • Viss Pia skal delta aktivt i matematikktimen, må ho for eksempel kunne seie større enn, meir, under, ulike tal, kvadratrot, pluss, gange, triangel, lett og vanskeleg.
  • Når Silje er på jobben, treng ho kanskje å kunne seie: Versågod, Berre hyggeleg, Kan eg rydde vekk dette?, Vil du ha meir kaffi? og Treng du noko?

Gje gode vilkår

Kommunikasjon med ASK tar tid. Mange ASK-språklege fortel at dei er redde for å vere til bry, og at dei blir avbrotne og oversett i samtaler. Snakk om dette med den ASK-språklege og dei som den ASK-språklege kommuniserer med, og lag nokre køyrereglar som passar dykk.