Taleprosessering

Ei forståing av korleis tale blir oppfatta, lagra og produsert gjer det lettare å identifisere kva type vanske barnet har, og velje riktige tiltak.

Alle barn forenklar uttalen av vaksne målord tidleg i utviklinga. Dette kjem av at barna verken kan oppfatte alle lydlege forskjellar eller produsere lydane riktig.

Dei vil derfor forenkle ord ved å utelate stavingar og/eller bytte ut enkeltlydar. Dette kan for eksempel vere ved å uttale katt som [1tɑt]. I dette tilfellet kan barnet ha vanskar med å skilje mellom den velare lyden /k/ og den alveolare /t/.

Fonologi

Vi kallar desse forenklingane fonologiske forenklingsprosessar, som viser til at lydsystemet (fonologien) hos barnet er ein forenkla utgåve av det vaksne systemet.

Vi ser dei same prosessane hos barn som er like gamle, og typen prosessar endrar seg etter kvart som barna blir eldre. Desse endringane følgjer eit utviklingsmessig mønster. Det vil seie at alle barn som følgjer eit typisk utviklingsforløp, bruker same type prosessar i same alder. Her vil det vere individuelle forskjellar når det gjeld kor stort omfang av typiske prosessar kvart enkelt barn har.

IINDIVIDUELLE FORSKJELLAR: Alle barn som følgjer eit typisk utviklingsforløp, bruker same type prosessar i same alder, men det vil vere individuelle forskjellar i kor mange og kva prosessar kvart enkelt barn har.

Undergrupper ut frå typar uttalefeil

Barn si evne til å prosessere tale endrar seg over tid. Dette gjer at dei kan oppfatte ordlengda og lydstrukturen i ord betre, slik at uttalen gradvis blir meir vaksenlik. Hos nokre barn blir talen likevel framleis prega av forenklingsprosessar langt oppover i alder.

Ein tenkjer seg at årsaka til språklydsforstyrringar kan vere ulike underliggande taleprosesseringsvanskar. Dette kan så vise seg som ulike former for uttalefeil.

Dette gir grunnlag for å dele språklydsforstyrringane inn i undergrupper ut frå kva typar uttalefeil barnet gjer. Kvar vanskegruppe blir knytt til problematikk på eitt eller fleire nivå i taleprosesseringa. Til dømes at barna har vanskar med å skilje ulike språklydar frå kvarandre, eller med å produsere språklydar på ein riktig måte.

Taleprosesseringskjeda

Figuren nedanfor er ein modell av taleprosesseringskjeda slik ho blir framstild hos Stackhouse & Wells (1997). Modellen viser korleis tale blir oppfatta, lagra og produsert.

I den innleiande fasen vil fysiske lydbølgjer nå øyret, som så vil registrere lydane (perifer auditiv prosessering). Deretter vil lydane bli skilde ut som språklyd eller ikkje-språklyd før dei går vidare til fonologisk gjenkjenning.

For å gjenkjenne systemet i dei samankjeda språklydane må lydane først diskriminerast fonetisk. Det vil seie at dei ulike lydane må skiljast frå kvarandre. Når lydane er gjenkjende, går informasjonen vidare til fonologisk representasjon (lagring).

Til kvart lagra (lært) ord er det knytt tre lagringsområde:

Alle nivå i denne taleprosesseringskjeda samhandlar med kvarandre, og problematikk på ulike nivå gir opphav til ulike typar språklydsforstyrringar.

Mann taster på mobil

Trenger du spesialpedagogisk veiledning?

Vår spør oss-tjeneste drøfter og veileder om spesialpedagogiske utfordringer. Tjenesten er primært rettet mot PP-tjenesten, men vi tar også imot henvendelser fra barnehage, skole og andre. Vi kan veilede foreldre om det spesialpedagogiske støttesystemet.