Slik legg du til rette på SFO
Slik gjer du SFO til ein inkluderande arena og en godt stad å vere for elevar med nedsett høyrsel.
SFO er mindre strukturert enn den organiserte undervisninga på skulen, med større fridom og mer rom for frileik. For elevar med nedsett høyrsel kan dette gjere tida på SFO meir utfordrande.
Organisering
Struktur og føreseielegheit er viktig for å sikre god kommunikasjon, godt samspel og deltaking på lik linje med jamnaldrande.
Sørg for at eleven har oversikt over kva som skal skje kor og når, med ein gong eleven kjem til SFO. Ei informajonstavle med dagsplan kan vere nyttig for mange elevar. Pass på at nokon snakkar med eleven om kva slags aktivitetar eleven ønskjer å delta på, slik at de kan leggje til rette på best mogleg vis.
Å dele opp elevane i mindre grupper vil alltid vere en fordel. Organiser dei ulike aktivitetane på ulike rom så langt det er mogleg, og gå gjennom kva som skal skje, og når, slik at alle opplever å ha oversikt over situasjonen.

Støy
Støy er ei av dei største utfordringane med SFO. Når mange elevar samlast på eit lite areal, kor det blir lagt opp til meir frileik og ulike aktivitetar, blir det automatisk eit høgare lydnivå.
Set deg godt inn i det som står i Sånn reduserer du støy i klasserommet, dette er like aktuelt for SFO.
Det er dei samme krava til etterklangstid i romma som brukast til SFO, som det er til undervisningsromma på skulen. Dersom det ikkje er mogleg å gjennomføre tilstrekkeleg støyreduserande tiltak, bør du vurdere om andre aktuelle undervisningsrom kan brukast til SFO.
Måltidssituasjonar
Når mange elevar frå ulike trinn samlast til et måltid på SFO, kan det lett bli kaotisk. Mykje småprat og mange i rørsle på ein gong kan opplevast som overveldande for elevar med nedsett høyrsel, og det kan vere vanskeleg å delta saman med dei andre.
- Del elevane i mindre grupper, gjerne på fleire rom, om det er mogleg.
- Unngå langbord. Dette gjer det vanskeleg for eleven å følgje samtalen.
- Hugs støyreduserande tiltak også i måltidssituasjonar.
Ver ei god støtte
I støyfulle situasjonar er det særleg utfordrande for elevar med nedsett høyrsel å oppfatte alt som blir sagt. Dette kan føre til misforståingar og utfordringar med å ta del i leik. Følg ekstra med på frileik-situasjonar om eleven ofte blir gåande åleine eller litt i utkanten av det som skjer. Då gjeld det at du er nysgjerrig på kvifor.
I utetida kan det vere fint å ha ei eller to vaksenstyrte aktivitetar. Dette kan bidra til meir føreseielegheit og oversikt. Slik kan det bli lettare å delta i samspelet med dei andre elevane.
Pass også på at dei har felles reglar for dei vanlegaste aktivitetane som elevane set i gang med. Det kan gjere det enklare å bli med, om alle på førehand veit kva som gjeld, og kva som er forventa.
Dialog med skulen
For elevar med nedsett høyrsel er føreseielegheit og kontinuitet ekstra viktig og ei stor kjelde til tryggleik. Sørg for god dialog mellom skule og SFO slik at de bruker same rutiner og framgangsmåtar.
Sørg for at kontaktlærar også har informasjon om kva som skal skje på SFO, slik at det er molgeg å førebu elevene på det som skal skje når skuledagen er over. Dette kan bidra til å gjere overgangen enklare.
Les også Tilrettelegging for elever med nedsatt hørsel – her vil du få gode tips som også er aktuelle på SFO.

Trenger du spesialpedagogisk veiledning?
Vår spør oss-tjeneste drøfter og veileder om spesialpedagogiske utfordringer. Tjenesten er primært rettet mot PP-tjenesten, men vi tar også imot henvendelser fra barnehage, skole og andre. Vi kan veilede foreldre om det spesialpedagogiske støttesystemet.


