Korleis oppdage sosiale og emosjonelle vanskar?

Barn og elevar kan oppleve sosiale og emosjonelle endringar etter ein erverva hjerneskade. For å setje i gang gode tiltak er det viktig å kartleggje kva som er utfordrande.  

Dei sosiale nettverka til barn og unge er viktige for all læring og utvikling. Når barn og unge med erverva hjerneskade vender tilbake til barnehage og skule, er det viktig leggje til rette tidleg for sosial deltaking.

Det kan skape mykje frustrasjon og sinne dersom du ikkje får til aktivitetar du meistra tidlegare, eller det seom søsken eller medelevar klarer. Nokon kjenner kanskje ikkje seg sjølv heilt igjen. Endringane etter ein hjerneskade kan derfor utløyse ein sorgreaksjon. Det kan også føre til redsel, bekymring og mismot. 

Å kjenne på slike kjensler vil påverke åtferda til eleven. I tillegg vil følgja av skaden kunne påverke dei sosiale ferdigheitene til eleven. For nokon kan det å delta i sosiale aktivitetar og etablere og stå i sosiale relasjonar vere vanskeleg.  

Sosiale og emosjonelle vanskar kan vise seg som vanskar med å

Sosiale vanskar kan vere til stades straks etter skaden, eller oppstå seinare ettersom krava frå omgivnadene aukar. Det er ikkje uvanleg at det dukkar opp nye utfordringar i takt med at eleven blir eldre.

Ungdomsåra kan for mange vere den mest utfordrande tida fordi eleven får auka innsikt i eigne utfordringar. I tillegg skjer det ein omfattande og ofte utfordrande utvikling for alle ungdommar.

Tips til ressursar for å snakke med barn og unge om kjensler 

Følelseskompasset.no
Rettleiar for å lære om, forstå og jobbe med eigne kjensler.  

Alfred og skyggen (youtube) 
Filmserie for barn om ugla Alfred og det å vree redd, om kjensler, einsemd og sjølvkritikk.   

Drage i magen (podcast)
Podkastserie og samtalemateriell til å bruke i barnehagen om kva for kjensler barn kan ha gjennom ein vanleg dag, og kvifor vi kan hjelpe dei med desse kjenslene.  
 

Kartlegging  

For å kunne leggje til rette og setje i gang gode tiltak er det viktig å kartleggje sosiale ferdigheiter. Da kan du forstå reaksjonane til barnet eller eleven i ulike kontekstar. Når du veit noko om årsaka bak åtferda, vil du kunne skreddarsy tiltak tilpassa behovet til den enkelte.  

Kartlegging krev eit samarbeid med foreldre. Barnehagen, skulen og PPT kan nytte ulike kartleggingsverktøy og ressursar for å kartleggje emosjonell og sosial fungering hos barn og elevar. Forslag til kartleggingsverktøy finn du nedst i artikkelen. 

For å kartleggje emosjonell og sosial fungering hos barn og elevar med erverva hjerneskade er det viktig å vite noko om kognitiv fungering. Dette er nødvendig for å vite korleis kartlegginga skal kunne gjennomførast, kva nivå kartlegginga skal vere på, og ikkje minst for å forstå kva årsaka til utfordringane er.

Når du skal kartleggje eit barn eller ein elev med ein erverva hjerneskade, er det viktig å vere merksam på at: