Til hovedinnhold

Offentleg journal og innsyn

Søk etter dokument som Statped har tatt imot, sendt eller oppretta, eller bestill innsyn.

Statpeds offentlege postjournal/postliste (einnsyn.no)

Kva publiserer vi?

På eInnsyn.no publiserer Statped oversyn over inn- og utgåande brev og e-postar i administrative saker. Av omsyn til personvern publiserer vi ikkje saker og dokument om brukarane våre (barn og elevar).

Når publiserer vi?

Vi legg ut journal frå ein kalenderdato tre dagar i etterkant. Det vi til dømes sender ut eller tek imot på ein mandag, kan du sjå og søke i torsdagen etter.

Kva kan du bestille innsyn i?

I eInnsyn kan du enkelt bestille innsyn i dokument. Trykk på knappen "Bestill" til høgre for kvart dokument i journalen. Statped vurderer alle krav om innsyn og om vi skal publisere sjølve dokumentetet i eInnsyn etter at vi har innvilga eit innsynskrav.

Kva er eInnsyn?

eInnsyn er ei felles publiseringsteneste for open forvalting i det offentlege og innsyn​​​​​​ i saker frå stat, kommune og fylkeskommune.

Feil i eInnsyn