Til hovedinnhold

God ASK

Rettleiingsmateriell med filmar, instruksjonar, forklaringar, spørsmål og arbeidsoppgåver som gjer at du som er vaksen, kan bli ein god kommunikasjonspartnar for barn frå to til seks år som treng alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Kommer i revidert versjon til barnehagestart 2025.

Tekst: God ASK
  1. Kategori: Sammensatte lærevansker, Barnehage, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK), Lærevansker og utviklingshemming, Statpeds ressurser
  2. Pris: Gratis
  3. Utgiver: Statped

Læringsressursen God ASK handlar om korleis du som er vaksen, kan bli ein betre kommunikasjonspartnar for barn som treng ASK. Dette kan lærast, og vi trur at bruk av God ASK er ein måte å lære det på. For at barn skal lære å bruke ASK, må dei vaksne også bruke det. Det krev både kunnskap, øving og rettleiing. Vi ønskjer at læringsressursen skal motivere og inspirere, og at han gjennom dette skal betre kvaliteten på arbeidet med ASK.

Målgruppe

Læringsressursen er laga for barnehagepersonale som arbeider med barn med behov for ASK i alderen to til seks år. God ASK vil også vere nyttig dersom du er pårørande eller fagperson til personar med store kommunikasjonsvanskar, eller om du rettleier eller underviser på kommunikasjonsområdet.

Om læringsressursen

Med utgangspunkt i filmar av kvardagsaktivitetar med åtte ulike barn som treng ASK, får du sjå korleis det ser ut i praksis. Dei vaksne rundt barna viser oss kva dei gjer, og du vil få innblikk i kvifor. Det er lagt vekt på å skape forståing ved å synleggjere konkrete idéar og praktiske løysingar i morosame og motiverande samhandlings- og samtalesituasjonar med barna.

Ressursen er på nett og har eit omfattande materiale med videoklipp, instruksjonar, forklaringar, spørsmål til refleksjon og oppgåver. Det vil også vere eit nedlastbart og trykt hefte med utfyllande stoff og samandrag av det som vert sagt på nettet.

Læringsressursen er inndelt i tre hovudtema:

  • god kommunikasjon
  • opplæringsstrategiar
  • kompetanseutvikling

Desse tema er igjen delt inn i undertema.

God ASK er utvikla med støtte frå Utdanningsdirektoratet.

Stor takk til barnehagar, barn, foreldre og personale som har gjort det mogleg å lage God ASK, og til rettleiar Stephen von Tetzchner.