Tastaturbo
Tastaturbo er eit universelt utforma tastaturtreningsprogram som er nettbasert og plattformuavhengig. Målgruppa er barneskuleelevar som skal lære seg touch-metoden.
Tastaturbo er laga for å legge til rette for enkel øving for alle elevar. Ressursen passar godt i begynnaropplæringa i digitale ferdigheiter. Målet er at elevane skal skrive med flyt på tastaturet.
I programmet møter du ein figur som heiter Tastaturbo. Han er ein fyr som møter på mange utfordringar. Eleven si oppgåve er å hjelpe han. Dei driv han framover ved å bruke tastaturet.
Se video på tegnspråk og norsk tale.
Her kan du også se introduksjonsfilm om Tastaturbo som kan vises til elevene.
Programmet er bygd opp med 18 leksjonar. I kvar leksjon øver eleven på nye bokstavar/teikn, samstundes som bokstavar frå tidlegare leksjonar dukkar opp. Etterkvart skal eleven skrive ord med bokstavane som er lært.
Nettressursen inneheld:
- Lærarrettleiing
- Introduksjonsfilm
- Lydstøtte
- Ressursar til nedlasting, diplom, oversikt over fargekoding og framdriftsoversikt
- Bokmål-, nynorsk- og teiknspråkversjon
- Sluttest, der eleven kan teste om målet er nådd