Tilrettelegging og organisering
Høyrselskompetanse hos leiarar, lærarar og andre tilsette på skolen er viktig for å få til god tilrettelegging og organisering for barnet med nedsett høyrsel.

Skolen må tilrettelegge for at elevar med nedsett høyrsel skal få best mogleg tilgang til undervisning og få gode vilkår for å vere aktive deltakarar i læringsmiljøet.
Høyrselskompetanse hos leiarar, lærarar og andre tilsette på skolen er viktig for å få til god tilrettelegging og organisering for barnet med nedsett høyrsel. Statped tilbyr kurs, der skolen kan auke sin eigen kompetanse.
Case
Noko av det Andrea gler seg mest til når ho skal starte på skolen, er å få seg nye venner som ho kan hoppe tau og leike gøymsel med. Men tenk om dei andre barna synest at det er rart at ho bruker høyreapparat og ikkje vil vere i lag med ho? Kanskje ho ikkje treng å bruke høyreapparata når ho er på skolen?
Andrea ønsker mest av alt å vere som alle dei andre. Ho vil ikkje skilje seg ut. Mor har snakka om at dei skal gjere spesielle ting på skolen for Andrea, slik at det skal bli lettare for Andrea å få med seg det dei andre seier. Andrea synest det høyres dumt ut. Kvifor kan dei ikkje berre ha det slik som i barnehagen?
Refleksjonsspørsmål
- Korleis kan vi foreldre støtte eleven i sosiale relasjonar på ny arena?
- Korleis legg vi til rette for gode lyd- og lytteforhold?
- For at eleven sitt høyrselstekniske hjelpemiddel skal fungere godt, krevst det oppfølging. Kven skal ha ansvar for det?