Å sette symbol til andre bøker
Har barnet ditt ei favorittbok? Då er sjansen liten for at den også finst med grafiske symbol. Men du kan lage slike bøker sjølv.
Det er viktig at ASK-språklege barn får tilgang til å lese bøker som interesserer dei. Her skal vi gi deg nokre råd om korleis du kan symbolsette bøker.
Du treng:
- ei bok som barnet likar
- programvare med symbola som barnet har i kommunikasjonsløysinga si
- printer og lamineringsmaskin
Dersom barnet ikkje har eit kommunikasjonsmiddel enno, men de veit at grafiske symbol er ei eigna kommunikasjonsform, kan det søkjast til NAV hjelpemiddelsentral om programvare til å lage materiell med grafiske symbol. Programvarer kan også kjøpast direkte frå hjelpemiddelfirma. I bøkene som Statped har gitt ut er det brukt PCS-symbol. Desse finn ein i programma Boardmaker og Rolltalk Designer for print.
Antal symbol på sida
I bøkene som Statped har gitt ut i samarbeid med Cappelen Damm, er det ti grafiske symbol på kvar side. Når du skal symbolsette bøker til ditt barn må du tenke på størrelsen på symbola. Barnet skal både kunne sjå og peike på dei grafiske symbola. Det betyr at nokre barn kan ha mange symbol på sidene, mens for andre kan ti symbol vere for mykje. Her ser du eit eksempel med fire symbol på kvar side. Dess færre symbol som er på sida, dess viktigare er det å velje dei orda som barnet har mest bruk for å lære. Kanskje er ikkje troll og bukk det viktigaste å velje å ha med?

Kva skal vi snakke om?
Når du skal velgje ordforråd, må du tenke på at det skal brukast til samtale, og ikkje vere ei symbolsetting av teksten. Lytt til kva slags ord barn på same språkleg utviklingsnivå brukar, og tenk gjennom kva du sjølv ville ha spurt om eller kommentert på den aktuelle boksida.
Det er gjerne mange ord og omgrep som er relevant å bruke når ein skal snakke om innhaldet på ei bokside. Det kan kjennes vanskeleg å velgje og prioritere kva symbol ein vil ha tilgjengeleg på sida. Kva ord er eigentleg viktige å ha med?
Prioriteringar
På denne boksida finnes gode illustrasjonar av substantiva flaske og støvel. Desse kan peikast på når vi snakkar. Eit tips er å velgje grafiske symbol på dei omgrepa som ikkje er direkte representert i illustrasjonane. Det gir oss plass til å velje grafiske symbol frå andre ordklasser slik at vi får til å lage setningar. Då kan vi for eks seie at «den vesle Dachsen tar støvelen og springer» eller «Den lille dacksen tuller med mamma og pappa».
Men dersom det er grafiske symbol du tenker at det er viktige for barnet å lære, bør du vurdere om du likevel skal prioritere plass, sjølv om det er substantiv. Barna treng ikkje å forstå dei grafiske symbola du set inn i boka. Dei skal lære omgrepa og dei grafiske symbola ved at du les, snakkar og peikar.
Kjerneord
Ordforrådet vi har valt på venstre sida er omgrep som ofte blir brukt i lesing med små barn. Dette er kjerneord som kan brukast i alle slags samtaler – i kombinasjon med orda på høgre sida.

Bruk gjerne ordforrådet vi har brukt i våre bøker. Då kan du for eks seie «sjå», eller «oj- sjå! «Eg lurer på …… » Vi kan også relatere til barnet sine eigne erfaringar og for eks seie «huskar du då….», eller «du likar………». Når du vel ordforråd bør du prøve deg fram for å finne ut om du og barnet kan sette saman orda til mange forskjellige setningar. Lytt også gjerne til deg sjølv, andre vaksne og snakkande barn: kva er vanlege fraser som de brukar når de les? Kanskje finst det nokre lokale fraser som de brukar?
Temaord – viktige ord i boka
Her er nokre prinsipp for val av grafiske symbol og plassering av desse på høgresida:
- det er viktig å ha med fleire ordklasser, slik at du kan lage setningar og dermed vere ein god språkmodell for barnet.
- tenk plassering av dei grafiske symbola etter kor omgrepet vanlegvis kjem i ei setning; verb, preposisjonar, adjektiv, og substantiv. Dette støttar også forståing av leseretning.
- Vurder om du treng persongalleri blant dei grafiske symbola. Kan du likegodt peike på illustrasjonane i boka?
- Vurder om du kan velje bort grafiske symbol for dei tinga (substantiva) som er godt illustrerte på boksida.
- Plasser dei grafiske symbola som blir brukt fleire gonger i boka på same plass på boksida. Dette gjer at du som les, og barnet, lærer kva plassering symbolet har på sida. Då slepp de å leite etter symbolet, og kommunikasjonen går raskare. Om dette ikkje er mogleg, plasserer du dei grafiske symbola på omtrent same plass.

Ordliste – rask tilgang til fleire grafiske symbol
I bøkene Statped har gitt ut i samarbeid med Cappelen Damm, har vi valt å sette inn ei ordliste framme i bøkene. Når du lagar eigne bøker kan du gjerne lage ei slik side. Tenk over at ordforrådet her skal gi høve for å utvide samtalene viss ordforrådet på dei enkelte sidene i boka ikkje strekk til. Pass på at du har med både kjerneord, det vil si ord vi bruker ofte, og ord som er relevante i den boka. Spørjeorda bør også vere representert, sidan spørsmål ofte blir brukt når ein les bøker. Plasser omgrepa etter kor dei vanlegvis kjem i ei setning, slik som er omtalt i avsnittet ovanfor.
Mange av orda i ei slik ordliste vil vere felles for alle bøker. Eit godt tips er å lage deg ein god mal som du tar utgangspunkt i når du skal lage ordlister til nye bøker. Då sparer du deg mykje tid, og det faste ordforrådet kjem på same plass i ordlista. I bøkene som Statped har laga er denne malen brukt (sjå bilete under).
Omtrent halvparten av felta er tomme slik at du kan sette inn eit lite persongalleri og eit utval av dei orda som blir brukt i boka. Når du lagar ei slik ordliste, må du også ha i tankane at barnet skal kunne sjå, og meistre å peike, på symbola. Du må også velje eit ordforråd som gjer at du kan modellere setningar på eit høgare språkleg nivå enn det barnet er på.

Det kan vere lurt å ha med adjektiv og preposisjonar i malen. Da kan du vurdere kven du bør ha med og kven du ikkje treng i den enkelte boka du setter grafiske symbol til. At dei ligg i malen gjer at du sikrar at får same plassering, og du sparer tid til leite etter kvar du plasserte dei i førre bok. Det er lettare å slette enn å sette inn.
Forslag til utforming
Her er nokre ulike eksempel på korleis eigenproduserte symbolsette bøker kan sjå ut.
- Lime inn remser med grafiske symbol
Om du eller barnehagen eig boka sjølv, kan det vere aktuelt å lime dei grafiske symbola inn i boka, slik som du ser her:

- Mappe som kan brukast til mange bøker
Du kan også lage deg ei slik mappe som du ser på bildet under. Den vil du kunne bruke til mange bøker utan å «øydelegge» dei. Set saman remser med grafiske symbol med to nøkkelringar. Det er lurt å bruk små nøkkelringar. Fest borrelås på fremste og bakerste remse slik at den held seg på plass i mappa når du les. Ordlista kan du feste med borrelås på venstre sida av permen, eller berre ha den laus.

- Samtaleplansje med heile ordforrådet
Du kan lage ein samtaleplansje som du brukar saman med boka. Om du har ordforråd på begge sidene av arket vil du få tilgang til eit stort ordforråd. Om du skriv ut i A3 kan du sjå alle dei grafiske symbola på same tid, og sleppe å snu arket. Viss barnet kan sjå og peike på en plansje med mange symbol, vil dette kanskje vere den enklaste løysninga.

- Plansjar mellom boksidene
Du kan også lage plansjar som du legger mellom kvar bokside. Fordelen med dette er at du kan ha store symbol dersom det er nødvendig på grunn av barnets motorikk eller syn. Ulempa med en slik løysing er at plansjane lett kan falle ut av boka.

Prøv deg fram og gjer eventuelt endringar ut frå erfaringane du gjer deg når du leser bøkene samen med barnet! Kanskje finn du eigne geniale løysingar som passer for ditt barn.
Kjerneord og søkeord
Finn du ikkje symbolet for dei orda vi har brukt? Nokre av kjerneorda vi har brukt på venstre side, har andre namn når du skal søke i Boardmaker eller Rolltalk Designer for Print.
Symbol | Søkeord i Boardmaker | Søkeord i Rolltalk Designer |
Tekst i bilde: maskin/bok | kommunikasjons-app | kommunikasjons-app |
Tekst i bilde: tenker/tror | tro | tenke / tro |
Tekst i bilde: husker | huske | huske |
Tekst i bilde: lurer på | hva tror du | hva tror du |
Tekst i bilde: oi | overrasket / sjokkert | overrasket / sjokkert |
Tekst i bilde: flere ord | kommunikasjon | kommunikasjon |
Les mer
-
Slik er bøkene symbolsett Når du les for barn opplever du sikkert at dei kommenterer og stiller spørsmål, både til bileta i boka og til det du les.
-
Lesing av bøkene og bruken av dei grafiske symbola Bøkene skal lesast på same måte som bøker utan grafiske symbol. Du skal både svare på spørsmåla som barna har, og bekrefte det dei blir opptatt av når du les.
-
Korleis invitera born til aktiv deltaking i lesestunda Det kan vere krevjande for ASK-språklege barn å ta del i samtale i lesestunda, spesielt når det er fleire barn til stades samstundes.