Lesing av bøkene og bruken av dei grafiske symbola
Bøkene skal lesast på same måte som bøker utan grafiske symbol. Du skal både svare på spørsmåla som barna har, og bekrefte det dei blir opptatt av når du les.
Forskjellen er at du skal peike på grafiske symbol i tillegg til at du snakkar. Det kallar vi å peikesnakke. Du skal også bruke de grafiske symbola når du sjølv vel å stoppe opp i lesinga, for å snakke med barna om handlinga i boka. Boksida inneheld ei avgrensa mengde grafiske symbol, men du skal ikkje la deg avgrense av dette. Om ikkje symbolet finst på sida, så berre seier du det du hadde tenkt å seie verbalt. Dersom du ikkje har brukt grafiske symbol før, kan det kjennast litt uvant, men senk skuldrane, det er ikkje så vanskeleg.
Bøkene Statped har sett grafiske symbol til kan brukast før barnet har fått eit eige kommunikasjonsmiddel. For nokre barn kan dei grafiske symbola i bøkene være tilstrekkeleg til å kunne delta i samtaler. Barn som har ei eiga kommunikasjonsløysing skal alltid ha denne tilgjengeleg ved sida av boka, slik at dei har tilgang til å bruke omgrep som ikkje finst i bøkene.
Å bekrefte barnet gjennom bruk av grafiske symbol
Bekreft barnets utsegn uavhengig av korleis barnet har uttrykt seg, anten det er med blikk, lyd, mimikk, å peike på ein illustrasjon i boka eller på eit grafisk symbol. Korleis du gjer det vil være litt avhengig av kor barnet er i språkutviklinga si. Her er eit par eksempel med utgangspunkt i ei bokside frå boka «Iver og hulen»:

Eksempel 1: Barnet peikar på ballen i illustrasjonen i boka:
- bekreft barnet ved å peike på ballen i illustrasjonen, samtidig som du seier «ball»,
- peiker på det grafiske symbolet og gjentek ordet «ball».
Eksempel 2: Dersom barnet peiker på det grafiske symbolet for ball, bekreftar du dette ved å peike på det grafiske symbolet og seier «ball».

Å utvide barnets ytringar
I tillegg til det som står i eksempel 1 og 2 i avsnittet ovafor, bør du tenke over korleis du kan utvide barnets ytring. La oss ta utgangspunkt i boksida over, frå «Iver og hulen». Tenk over kva du ville ha sagt dersom barnet hadde sagt «ball» med stemma si. Kanskje du ville ha utvida barnets ytring gjennom å seie: «Ja, dei skal sparke ball».
For å bekrefte barnet som er ASK-språkleg, og som du forstår er opptatt av ballen, kan du utvide dette på same måte. Si: «Ja dei skal sparke ball» samtidig som du peiker på de grafiske symbola for «sparke» og «ball». Da utvidar du barnets: “ball” til ein to-ords ytring med grafiske symbol: “sparke ball”.
Kor mange grafiske symbol du brukar når du utvidar barnets ytring, må du tilpassa til der barnet er i si språkutvikling. Du bør sjølv være et trinn føre der barnet er i språkutviklinga si, slik at du er ein god ASK- språkleg modell.
Bruk kjerneorda
Både din, og barnets bruk av dei grafiske symbola, er viktig for at barnet skal kunne lære og forstå dei grafiske symbola. Bruk kjerneorda i bøkene aktivt, slik at barnet får sjå og høyre omgrepa brukt mange gonger og kombinert på ulike måtar. Når du bruker kjerneorda, vil det være med på å motivere barnet til å prøve å bruke dei sjølv. Du kan for eksempel bruke kjerneorda i starten av ei setning for å bekrefte det barnet, eller dei andre barn som de les saman med, blir opptatt av. For eksempel: «Du liker …» eller «Oi, du ser …»

Kjerneord er som tidlegare nemnt, ord vi bruker ofte. Øv deg på å bruke desse når du les bøkene og peikesnakkar. Dei byr på mange kombinasjonsmoglegheiter. Her er nokre eksempel:
Eg ser… | EG tenker/trur… |
Eg likar… | Eg likar ikkje… |
Husker du… | Eg huskar ikkje… |
Trur du… | Eg trur… |
Oi! Eg trur… | Eg trur du likar… |
Manglar du grafiske symbol?
Som tidlegare nemnt, så har bøkene eit avgrensa antal grafiske symbol per side. Ikkje la dette avgrense dykk når de snakkar samen. Tenk heller på korleis du kan nytte illustrasjonane i boka i kombinasjon med de grafiske symbola. Sjå for eksempel på boksida under, frå boka «Iver og hulen». I denne boka har vi ikkje figurane i boka blant dei grafiske symbola, men de kan peike på Iver, Kaninen og Blå i illustrasjonane i boka. Ved å peike på illustrasjonane i boka i kombinasjon med dei grafiske symbola får du og barna anledning til å uttrykke mykje, sjølv om talet på grafiske symbol per side ikkje er så stort.
Ein anna ting de kan gjere, dersom de manglar ord, er å bruke symbolet for «fleire ord». Ved å seie og peike på symbola for: «eg lurar på» og «fleire ord» kan du vise barnet korleis det kan gå til ordlista kor det blant anna finn fleire spørjeord.

Du sikkert erfart at barn ofte stiller spørsmål når du les til dei. Når barn er ASK-språklege har vi vaksne lett for å stille mange spørsmål, mens dei sjeldan stiller spørsmål sjølve. Vis barnet korleis du brukar spørjeorda i ordlista. Då kan du etter kvart oppmuntre barnet til sjølv å kome med spørsmål når de les og snakkar saman om handlinga i boka.
Temaord
Som med kjerneorda vil det være viktig for barnet si språkutvikling og omgrepsforståing, at du og brukar temaorda og dei grafiske symbola for desse aktivt i samtalen når de les saman.
Tenk på kva du vanlegvis gjer når du les for barn. Da har du sikkert, utan å tenkje over det, peikt på for eksempel ankeret i ei bok og snakka om kva eit anker er og kva blir brukt til. På boksida under er det eit anker i illustrasjonen. Omgrepet «anker» vil kanskje være eit nytt ord for barnet. Difor har vi bevisst sett inn eit grafisk symbol for anker. Dette og di forklaring av kva eit anker er, og kan brukast til, kan vere med på å utvide barnets ordforråd.

Synonym og «det same som»
Dei fleste barn som brukar grafiske symbol som sin kommunikasjonsform, vil av og til erfare at dei ikkje finn symbolet for noko dei vil seie i kommunikasjonsløysinga si. Dei vil derfor ha stort utbytte av å lære seg å bruke synonym når dei manglar eit grafisk symbol. Nokre gonger vil du oppdage at vi ikkje har brukt det «riktige» grafiske symbolet for eit omgrep som står i teksten i boka. Dette kan gje deg anledning til å snakke med barnet om ord som betyr det same som, eller nesten det same som. Dei bør derfor etter kvart få inn i kommunikasjonsmiddelet sitt, eit grafisk symbol for å kunne seie, for eksempel: «det same som» og «nesten det same som». Så treng dei å få lære korleis dei kan bruka dette som ein strategi når dei erfarer at dei manglar ord i kommunikasjonsmiddelet sitt.
Ordlista framme i boka
Ordlista framme i boka kan du bruke når du manglar ord på ei av boksidene, eller for å snakke om kva boka handlar om både før og etter at de les boka. For eksempel kan de sjå på illustrasjon på framsida av boka, og så kan du spørje barna kva dei trur boka handlar om. Etter at de har lest kan de bruke ordlista for å snakke saman om kven og kva boka handla om, til dømes kva som gøymde seg inn i hula i boka «Iver og hulen».

Grammatikk
Når du les bøkene Statped har sett grafiske symbol til, vil du erfare at du ikkje berre kan lesa teksten over dei grafiske symbola. Du må sjølv passe på å bruke riktig grammatisk form av omgrepa. Til dømes står det «gå» over symbolet for omgrepet «gå». Dersom du les boka om dei tre Bukkene Bruse så må du då for eksempel seie, gjekk når du skal snakke om at: «Fyrst så gjekk den minste bukken over brua».
Les mer
-
Slik er bøkene symbolsett Når du les for barn opplever du sikkert at dei kommenterer og stiller spørsmål, både til bileta i boka og til det du les.
-
Korleis invitera born til aktiv deltaking i lesestunda Det kan vere krevjande for ASK-språklege barn å ta del i samtale i lesestunda, spesielt når det er fleire barn til stades samstundes.
-
Å sette symbol til andre bøker Har barnet ditt ei favorittbok? Då er sjansen liten for at den også finst med grafiske symbol. Men du kan lage slike bøker sjølv.