Slik er bøkene symbolsett
Når du les for barn opplever du sikkert at dei kommenterer og stiller spørsmål, både til bileta i boka og til det du les.
Barn som er ASK språklege skal også kunne delta i slike samtaler. Derfor har vi sett inn grafiske symbol for ord vi har observert og erfart at barn i barnehagealder, og dei vaksne som les for dei, brukar i lesesituasjonar.
Forsking viser at barn lærer raskare å lese dersom teksten står åleine, enn om det er sett grafiske symbol til teksten. Derfor har vi bevisst valt å skille teksten i boka og dei grafiske symbola.
Det er ti grafiske symbol på sidene i bøkene. Du kan kombinere dei grafiske symbola med å peike på illustrasjonane i boka. Vi har lagt vekt på å sette inn grafiske symbol for ord som det kan være vanskeleg å få uttrykt ved å peike på illustrasjonane, som for eksempel; leite, skummel og redd, på boksida under.
Kjerneord
I bøkene finn du kjerneord på venstresidene. Kjerneord er enkelt forklart ord vi bruker ofte og i ulike samanhengar. Dei grafiske symbola er derfor dei same på alle venstresidene i desse bøkene, se kjerneord i den røde ringen.

Temaord
På høgresidene i bøkene finn du grafiske symbol for eit utval av omgrep som er knytt til handlinga i den enkelte boka. Nokre gonger er det brukt eit synonym til ord i teksten. For eksempel er «bekymret» erstatta med det grafiske symbolet for «redd» i «Den vesle Dachsen».

Ordliste
Fremst i kvar bok har vi laga ei ordliste. Dette er ei dobbeltside med berre grafiske symbol. Her finn du kjerneord både på venstre og høgre side. Mellom desse finn du nokre temaord, altså grafiske symbol for omgrep som er spesifikke for handlinga i den enkelte boka.

Les mer
-
Lesing av bøkene og bruken av dei grafiske symbola Bøkene skal lesast på same måte som bøker utan grafiske symbol. Du skal både svare på spørsmåla som barna har, og bekrefte det dei blir opptatt av når du les.
-
Korleis invitera born til aktiv deltaking i lesestunda Det kan vere krevjande for ASK-språklege barn å ta del i samtale i lesestunda, spesielt når det er fleire barn til stades samstundes.
-
Å sette symbol til andre bøker Har barnet ditt ei favorittbok? Då er sjansen liten for at den også finst med grafiske symbol. Men du kan lage slike bøker sjølv.